«Me kjempar for enkeltmennesket sin fridom»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FpU vil kjempa for enkeltmennesket

Førre helg var FpU samla til landsmøte. Der vart jusstudenten Bjørn-Kristian Svendsrud (23) frå Horten i Vestfold  offisielt valt til å leia ungdomspartiet til FrP.

Me spurte kva den nye FpU-formannen vil jobba for.

LES OGSÅ: Trur ikkje på å nekte unge vaksne røyk

Frå EU til Vest-Sahara
– Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på landsmøtet dykkar?

Me gjorde mange spanande vedtak på landsmøtet vårt! Blant anna er me framleis sterk motstandar av norsk medlemskap i EU, me vil liberalisera narkotikalovgjevinga i Noreg og me vil styrkja tryggleiken i regjerings- og stortingsbygga. I tillegg vedtok me ein resolusjon som krever stopp av okkupasjonen av Vest-Sahara, for å nemne noko.  

Kvifor er det bruk for FpU i norsk politikk?

Fordi FpU er den einaste sikre liberalistiske stemma for ungdommar i norsk politikk. Me kjempar for enkeltmennesket sin fridom, lågare skattar og avgifter og mindre statleg styring. FpU er og skal vere en premissleverandør i norsk politikk. 

LES OGSÅ: Her brenner FpU-aren NRK-lisensen – og oppmodar deg til å gjere det same

Fridomsforkjemparen
– Kva vil FpU merka av forskjell med deg som leiar?

Fyrst og fremst må eg seie at FpU har vore under stødig leiing, med Atle Simonsen som formann dei siste to åra. Men eg trur nok at einkvar leiar skapar forskjel frå gang til gang. Eg for min del er i alle fall oppteken av at FpUs medlemmar skal føla at dei er ein del av eit større team, som jobbar mot eitt felles mål –  Nemleg størst mogleg fridom for kvar enkelt innbyggjar i Noreg.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

 Eg kjem frå ein veldig engasjert familie, så det ligg nok noko der. Men eg har alltid fått lov til å forma mine eigne meiningar, ta eigne standpunkt og heile tida vore oppteken av samfunnet rundt meg. Det har nok forma meg til den eg er i dag. 

– Kva er hjartesakene dine?

– Først og fremst er eg oppteken av å gjere Noreg til eit meir liberalistisk land, med større fridom for landets borgarar. Men av personlege hjartesaker må eg nok seie at skule, helse/eldreomsorg og samferdsel er tre viktige område for meg. 

LES OGSÅ: Krever høgare BSU-grense

Valfritt sidemål og lærarevaluering
– Korleis vil FpU gjera skulen endå betre?

– FpU er oppteken av at kvar enkelt elev skal få tilpassa undervisning i klasserommet. Dette inneber at lærarane må føla seg trygge på den jobben dei gjer, samstundes som at ein elevmasse med større likskapstrekk gjennom nivåinndeling i visse fag vil gjere skulekvardagen betre. Me er oppteken av at skuleeigar, saman med lærarane må få større spelerom i å utvikla undervisninga og ta i bruk ulike undervisningsmetodar. Om skulane får større autonomitet er me sikre på at kreativiteten i norsk skule aukar. Det er òg viktig å påpeike at FpU ynskjer anonym retting av prøvar, lærarevalueringar og valfritt sidemål. 

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– For å få dette til må ungdomspartia vere flinke til å vitja elevar på skulane rundt om i landet og lytta. Lytta til kva utfordringar dei står overfor, og her er jo FpU i ei særstilling som ungdomsparti til eit regjeringsparti. Det gjev oss direkte innverknad på styringa av landet. 

LES OGSÅ: FpU startar opp i Spania

Meir olje og fisk
–Kva bør Noreg leva av når oljen er brukt opp?

– Det er viktig at me nyttar oss av dei ressursane me har innan olje- og gassektoren så lenge som mogleg, og heldigvis har me mange år igjen. Men kva skal vi leve av etter olja? Vel, eg trur kunnskap, forsking og innovasjon. Me i lille Noreg kan aldri vere flest, men me kan vere best. 

Samstundes trur eg me vil vere ein stor fiskerinasjon i mange, mange år framover. 

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet mitt er eit samfunn som baserer seg på marknadsliberalistiske prinsipp, kor ein respekterer kvarandre. Har liten stat, som ikkje blandar seg inn i liva til folk flest. Og kor ein får gjere det ein vil utan at det går utover nokon andre.  

Faktaboks

Bjørn-Kristian Svendsrud

Frå: Horten i Vestfold

Alder: 23

Studerer: Rettsvitskap (juss)

Favorittfag på skulen: International Human Rights Law: Institutions and procedures 

Første verv: Nestformann i Horten FpU

Medlem i: (utanom FpU) FrP, Skeiv Ungdom og Ungdom mot EU

Kva gjer du i fritida/hobby: Elskar å reisa og å drikka vin og løysa verdsproblem med gode vener. Elles føler eg nok at sofaen og kjærasten er ein veldig god kombinasjon på fritida.