Smeltande is tippar kloden

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nord- og Sørpolen flyttar seg til vanleg nokre meter i året. Forklaringa er små rørsler i rotasjonsaksa til jorda. Men den valdsame issmeltinga i Arktis og deler av Antarktis ser no ut til å snu flyttinga av polpunkta.

Gjennom nesten heile 1900-talet var Nordpolen på veg mot Canada. Men sidan år 2000 har polpunktet flytta seg litt i retning Noreg. Ein ny studie utført av forskarar frå NASA, styrkjer konklusjonane frå tidlegare forsking som peika på at endringa i hovudsak skuldast issmeltinga på Grønland.

LES OGSÅ: Kvit vinterpels blir utdatert

– Dramatisk
– Endringa er veldig dramatisk, seier NASA-forskar Surendra Adhikari.

Mindre nedbør i deler av Europa og Asia kan òg ha bidratt til at polpunktet blir flytta mot Noreg, ifølgje NASA-studien. Sidan det reknar mindre over svært store område, har landmassane rett og slett vorte lettare – noko som påverkar jordaksen.

Forskarane reknar med at sidan 2003 har 272.000 milliardar tonn med is smelta på Grønland. Samstundes har Vest-Antarktis mista 124.000 milliardar tonn med is, samstundes som Aust-Antarktis har lagt på seg 74.000 milliardar tonn med is.

LES OGSÅ: Tragedie og eventyr i Arktis

– Men ikkje farleg…
Forskarar som studerer endringane i jordaksen, understrekar overfor avisa The Guardian at fenomenet er ufarleg.

– Det er berre endå ein interessant effekt av klimaendringane, seier Jianli Chen, forskar ved romforskingsenteret ved University of Texas ifølgje avisa.

LES OGSÅ: Framande planter og smådyr trugar