Store kvalitetsskilnader mellom vidaregåande skular
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Store forskjellar i kvaliteten
Ei ny undersøking syner at det er store skilnader på dei ulike vidaregåande skulane i landet. Kvaliteten varierer både mellom skular og frå fylke til fylke.
– Resultata frå undersøkinga syner at kva fylke du bur i og kva vidaregåande skule du går på, kan ha mykje å seie for kor gode resultat du får på skulen. Slik bør det ikkje vere, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Forskarar frå Senter for økonomisk forsking (SØF) har gjort undersøkinga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest
Gjennomføring og karakterendring
Rubbestadnes vidaregåande på Bømlo i Hordaland er ifølgje forskarane den beste vidaregåande skulen i landet, og er den einaste i rapporten som får toppkarakteren seks.
Forskarane har undersøkt kor mykje den enkelte vidaregåande skule bidreg til det elevane lærer, og i kor stor grad skulane bidreg til at elevane greier å fullføre vidaregåande eller ikkje. I undersøkinga har forskarane teke omsyn til at bakgrunnen til elevane varierer mellom skulane, blant anna gjennom å justere for karakterar frå ungdomsskulen og sosial bakgrunn.
– Det er i dag altfor store skilnader mellom skular og fylke når det gjeld kor mykje elevane lærer og delen som fullfører. Målet må vere at alle elevar skal ha dei same moglegheitene til å lukkast, uavhengig av kor dei bur og kva skule dei byrjar på, seier kunnskapsministeren.
LES OGSÅ: Nav på skular over heile landet
Oslo på topp
Resultata frå undersøkinga syner at det er skilnader når det gjeld elevane si deltaking, studieprogresjon og karakterar – etter at det er teke høgd for ulikskap i bakgrunn.
Det er også store skilnader innanfor mange fylke. Kunnskapsministeren understrekar at det er viktig å lese resultata frå enkeltskular med varsemd, men at det er viktig at alle skuleeigarar tek tak i resultata og brukar dei konstruktivt.
Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland har fått lik karakter, 3,08. Landsgjennomsnittet for kvalitet på vidaregåande skular ligg på 3,10 – og den beste karakteren får Oslo med 3,72. Heile undersøkinga og fordeling mellom ulike fylke kan du sjå i fullstendig rapport om Skulekvalitet i vidaregåande opplæring.
Faktaboks
Skulane er vurderte på:
. Fullført vidaregåande opplæring (vgo) innan fem år etter grunnskulen
. Deltaking i vgo i alle semester etter grunnskulen
. Normert progresjon – fullført i vgo tre år etter grunnskule
. Normert fullføring – fullført vgo tre år for elevar på studieførebuande program, fire år for elevar på yrkesfag
. Standpunktkarakterane på vitnemålet
. Eksamenskarakterane i norsk
. Gjennomsnittskarakterar på alle skriftlege eksamenar