Kyrkja seier ja til å vigsla homofile

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein historisk og gledens dag for homofile, lesbiske og trans- og bipersonar, seier den nye leiaren i Kyrkjerådet, Kristin Gunnleiksrud Raaum, til VG.

I dag stemte Kyrkjerådet, som er samla i Trondheim, å opna for å vigsla homofile par i kyrkja.

Forslaget om å opna for homofil vigsel vart vedteke med 88 stemmer for og 31 mot.

LES OGSÅ: Nektar homofile jobb i kyrkjer i Sandnes

Konservativt mindretal
Gunnleiksrud Raaum, som representerer Åpen folkekirke, forsikrar om at det framleis skal vere rom for det konservative mindretalet i kyrkja og at detvil vere mogleg for prestar å reservere seg mot å vigsla par av samvitsgrunnar.

– Eg vil stå opp for det å kunne vere ueinig. Eg vil også vere tydeleg i det synet eg har hatt bestandig. Klårleik i kva vi meiner gir også rom for kvarandres syn, seier Kristin Gunleiksrud Raaum til NTB etter valsigeren.

I januar til neste år skal eit nytt kyrkjemøtet vedta den nye liturgien.

LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

FRI-jubel
Den nye leiaren i FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, tidlegare LLH- Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner), Ingvild Endestad, jublar for den etterlengta sigeren.

– Det vedtaket som no har gått gjennom er ein vigsel som skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av kjønn. Me veit veldig mange har venta på denne dagen og gledd til endeleg å få lov til å gifta seg i kyrkja, seier Endestad til VG.