Denne skulen er best i landet


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.
Ein ny rapport frå Kunnskapsdepartementet teiknar eit nytt bilete av kva som er bra og dårlege vidaregåande skular her i landet. Rubbestadnes vidaregåande skule kjem aller best ut, skriv Bergens Tidende.
Rubbestadnes vidaregåande, med sine 160 elevar, er den einaste som får ein score på seks poeng i undersøkinga, der alle dei 359 vidaregåande skulane er vurderte ut frå sju kriterium.
– Overraskande, men veldig kjekt. Me har jobba aktivt for å få ned fråveret på skulen, og me har veldig god trivsel, seier rektor Rune Gåsland til BT.
Skulane er vurderte på:
. Fullført vidaregåande opplæring (vgo) innan fem år etter grunnskulen
. Deltaking i vgo i alle semester etter grunnskulen
. Normert progresjon – fullført i vgo tre år etter grunnskule
. Normert fullføring – fullført vgo tre år for elevar på studieførebuande program, fire år for elevar på yrkesfag
. Standpunktkarakterane på vitnemålet
. Eksamenskarakterane i norsk
. Gjennomsnittskarakterar på alle skriftlege eksamenar
Gjennomsnittsskåren i Hordaland er tre.