Lokalpolitikarar får opplæring på nynorsk
Etter kommunevalet i 2019 vil opplæringsmateriellet til dei folkevalde også kome på nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fram til no har læringsmateriellet berre vore tilgjengeleg på bokmål, og dette har vore ei kjelde til frustrasjon i mange nynorskkommunar, ifølgje Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
LES OGSÅ: Partiprogramma for Oslo på nynorsk
Viktig for identiteten
Det er KS som står bak tilbodet om opplæringskurs i lokaldemokrati. Etter eit møte med LNK denne veka, er planen for neste kommuneval klar: Målet er å lage til opplæringsmateriell også på nynorsk. Ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven var med på møtet og er svært nøgd med resultatet.
– Språk er ein viktig del av identiteten vår, og det er viktig at ein organisasjon som KS, som organiserer alle kommunane i landet, har ei offensiv haldning også på dette området, seier Kleven.
LES OGSÅ: – Nynorsken treng å bli løfta politisk
Vinje kommune var ein av fleire kommunar som etter valet i fjor reagerte på at materiellet rundt folkevaldopplæringa berre finst på bokmål.