Hugs at også sukker er ei grønsak

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter som eg ser på meg sjølv som klokare enn alle fanatikarane og kvakksalvarane som lirer av seg alle desse meiningslause og ofte innbyrdes motstridande råda, og reknar livet mitt for å vera meir vellykka enn deira, er det mi forbanna plikt som samfunnsborgar å dele mine eigne helsetips med allmugen.

Helse av jarn
Ikkje for å skryte, men eg har ei helse av jarn. Eg har ikkje vore sengeliggjande med nokon slags sjukdom sidan den spede barndommen min, og aldri nokon gong har eg ete spesielt sunt eller drive aktiv trening. For eit par år sidan vurderte eg riktig nok å gå til lækjaren, då eg hadde eit problem med eit auga. Eg ringde lækjarvakta i byen eg då budde i, dei spurde kven fastlækjaren min var, eg ana ikkje, og dei byrja leite i registera. Det synte seg at eg stod oppførd hjå den gamle lækjaren i heimbygda mi, og at eg ikkje hadde vore hjå han sidan midten av 90-talet.

LES OGSÅ: Sukker gjer deg ikkje aggressiv

Gir blaffen
Eg orka ikkje no å dra ut på landet med auga mitt, det fekk heller vera, og som venta gjekk problemet over av seg sjølv. Eg trur i grunnen ikkje noko serleg på lækjarvitskapen, og støttar meg på Voltaire: «Lækjarar er slike som føreskriv medisin dei veit lite om, for å kurere sjukdommar dei veit endå mindre om, hjå menneske dei ikkje veit noko som helst om,» skreiv han, og meinte at lækjaren si fremste oppgåve er halde pasienten i godt humør. La det samstundes vera sagt at eg ikkje trur på såkalla alternativ medisin heller. Eg trur på å gje blaffen.

LES OGSÅ: Norden kartlegg psykisk helse blant unge

Men nokre forholdsreglar kan ein jo alltids fylgje, for å gjera helsa si så sterk som råd er, fysisk som psykisk:

– Drikk og røyk. Statistikken syner at dagens ungdom drikk og røykjer veldig mykje mindre enn dei unge gjorde før i tida. Derimot har førekomsten av psykiske lidingar skote i taket. Det er mellom anna fordi ungdommane er opptekne av å trene og vera sunne, og uroar seg for helsa si og kroppen sin. Hadde dei drukke og røykt meir, ville dei ikkje brydd seg med den slags tull, men levd som unge menneske skal leva – som om det ikkje finst ein morgondag.

– Et det du har lyst på når du har lyst til det. Om det ikkje er det beste for kroppen din, er det det klårt beste for det mentale livet ditt. Mat er berre eit middel til å oppretthalde livsfunksjonane, ikkje noko veldig viktig som ein skal bruke mykje tid på. Tida du ikkje kastar bort på å vurdere nøye kva du skal eta, kan du bruke på viktigare ting, som å lesa ei god bok eller å snakke med folk. Hugs naturlegvis òg at du kan eta så sunt du berre vil, bli verdas sunnaste menneske, og likevel døy av eit lynnedslag i laupet av dei næraste fem minutta. Kor lur føler du deg då?

– Gå ikkje på treningsstudio, og jogg ikkje, men gå ein liten tur i ny og ne. Pengane som treningsstudioa freistar loppe deg for, kan du bruke på viktigare ting, som ei god bok, eller å spandere ein øl på ein ven. All treninga du treng, får du gratis ved å bruke føtene dine. Men det er også viktig å sjå seg vel ikring for å lære litt om verda. Jogging går for fort, ein rekk ikkje å fordøye inntrykka, ein bør halde eit lægre tempo. Her minner eg om den umotseielege fråsegna til ein hundreåring som vart intervjua i ei avis: «Alle venene mine som dreiv med jogging, er daude. Gå vanleg tur.»

– Ikkje tenk at du er sjuk, og ikkje gjer noko som tilseier at du er sjuk. Om du tenkjer at du er sjuk, og handlar deretter, kan det hende at du blir det. Men om du tenkjer at det kjem til å gå over, og handlar deretter, går det som regel over. Gå på jobb og gjer det du vanlegvis gjer, sjølv om du føler deg aldri så elendig. Eventuelt kan du, idet du byrjar føle deg litt rufsete, ta eit par stive drammar – det førebyggjer all vidare sjukdomsutvikling. Sjølv sver eg til bitteren Underberg, men merket er ikkje av avgjerande tyding. 

– Gå for all del ikkje til psykolog. Viss du føler deg heilt forferdeleg psykisk sett, er det heilt normalt og det einaste riktige. Andre, lykkelegare kjensler er illusoriske og livsfarlege for intellektet ditt. Livet er meiningslaust og verda er ein jammerdal, og det er ingenting nokon kan gjera med det. Pengane du sparar på ikkje å gå til psykolog, kan du bruke på eit godt måltid mat og mange flasker vin, noko som definitivt er sunnare og sannsynlegvis har betre effekt enn alskens piller og pseudovitskaplege floskar.   

– Sky generelt alle gode helseråd frå alle, og alle andre slags råd for den del. Folk flest vil fremje sin eigen agenda, og ynskjer å bli oppfatta som kloke og viktige av andre menneske. Dei bryr seg ikkje eigentleg om din situasjon, så kvifor skal du bry deg om deira? Det beste er å finne ut av ting på eiga hand, då held du iallfall på ein viss integritet. Mistru difor alle som freistar fortelja deg korleis du skal leva. Berre ikkje meg, då eg er det beste som har hendt deg