Høgre og Frp vil ha eksamen i tre fag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei to partia går inn for skriftleg eksamen i matte, engelsk og norsk hovudmål og sidemål for alle elevar som går ut av ungdomsskulen, skriv VG.

LES OGSÅ: Seier nei til eksamen før russefeiring

Høgre og Frp meiner eksamensordninga hittil har vore tilfeldig og ei urettferdig trekkordning som slår skeivt ut for elevane. Den nye ordninga med fire eksamenar for alle reknar dei med kjem til å koste rundt 62 millionar kroner ekstra kvart år.

– Det å gjere eksamen obligatorisk for alle er meir rettferdig for alle, samtidig som alle veit kva dei har i vente når skoleåret startar på hausten. Dessutan blir det slik at alle elevar får like mange karakterar på vitnemålet, seier stortingsrepresentant Henrik Asheim (H) til NTB.

LES OGSÅ: Satsar på digital eksamen

Han seier det ikkje er noka stor pedagogisk usemje om forslaget, men reknar med at det vil bli mykje politisk diskusjon. Både spørsmålet om finansiering og om at fleire må på sensorkurs for å rette det auka talet på eksamenar blir eit tema.

– I regjeringserklæringa står det at vi skal vurdere dette, men no meiner vi tida er inne til ikkje berre å vurdere, men å gjere dette, seier Asheim.