Er demokratiet berre ein fasade?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei årrekkje har det vore knytt myter og mystikk til etterretningstenesta i Norge, eller dei hemmelege tenestene. Er det slik at det finst ei skjult makt bak Regjering og Storting, som kan ta store avgjersler av viktig nasjonal betyding, utan at det kjem fram i offentlegheita? Er demokratiet vårt berre ein fasade når det gjeld trygging- og utanrikspolitiske spørsmål, der alle dei viktige avgjerslene er bundne av militære avtalar unnateke offentleg innsyn? 

LES OGSÅ: Økonomen spår brutal krise i Noreg

Dette er eit spørsmål som lenge har engasjert alt frå paranoide konspirasjonsteorietikarar til idealistar som kjempar for full transparens rundt Noregs relasjonar til verdas stormakter. Men som regel stoppar det ved spekulasjonane, då det er svært vanskeleg å få fram kjelder og dokumentasjon som kan setje lys på kva som føregår i dei hemmelege tenestane. Fram til no.

LES OGSÅ:Mot flyktningstraumen

Etter mange års iherdig gravearbeid har den Vadsø-baserte NRK-journalisten Bård Wormdal klart å presentere ein stor del av historia til dei strengt hemmelege militære installasjonane i Nord-Noreg, nærare bestemt Vadsø, Vardø og Fauske, samt spionskipet Marjata, i boka «Spionbasen». Her kjem det mellom anna fram at Noreg i over 60 år har hatt eit direkte samarbeid med NSA og CIA, heilt utanom NATO, Stortinget og resten av offentlegheita. Amerikanarane har også betalt enorme summer for bygging og drift – og til og med lønsutgifter til norske operatørar – for dei militære anlegga. Den offisielle versjonen er at anlegga er til for å tene norske interesser, men i boka til Wormdal kjem det fram at lyttestasjonen og radaren i Finnmark er blant dei aller viktigaste forsvarsanlegga for USA, og er av uvurderleg betyding for å overvake Russland sine forsvarsaktivitetar.

Høyr heile intervjuet her:

Faktaboks

Framtida.no samarbeider med podcasten Uten Filter.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon.

Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.