Festspela feirar morsmålet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudarenaen for Festspela torsdag 23. til søndag 26. juni er som vanleg Ivar Aasen-tunet, men det blir mange arrangement rundt om i Ørsta og Volda, til og med på fotballstadion og i eit par kantiner.

Dit kjem mellom andre Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft, forfattarane Marit Eikemo og Guri Sørumsgård Botheim, språkforskar Unn Røyneland og mange andre.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven blir festspeldiktar

Vinklar på morsmål
– Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og morsmålet er derfor noko alle har eit forhold til. Unn Røyneland skal snakke om kva rolle morsmålet har i det fleirspråklege samfunnet, og gjennom mange spennande møte med dyktige utøvarar får vi innblikk i kva morsmålet betyr for oss som enkelpersonar, lover programansvarleg for Dei nynorsk festspela Åshild Widerøe.

Morsmålstemaet skal belysast gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Festspeldiktar Ruth Lillegraven er i godt litterært selskap med mellom andre Marit Eikemo, Knut Ødegård og Guri Sørumsgård Botheim. Den britiske omsetjaren og språkforskaren Guy Puzey kjem òg for å snakke om omsetjinga av Maria Parrs «Vaffelhjarte» til engelsk.

I år lover festspela eit større tilbod til barn og unge, mellom anna framsyninga «Eg ler meg i hel» og lesestund med barnebokforfattar og NRKSuper-kjendis Christian Wiik Gjerde.

LES OGSÅ: – Eg har fått mitt første fanbrev

Konsertar
Den nystarta duoen Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft er trekkplaster i Uteamfiet i Aasen-tunet laurdagskvelden. D'Sound-vokalist Eriksrud skal framføre nye songar på dialekt, og dessutan syngje nokre songar på tysk, som er morsmålet hennar.

På Uteamfiet blir det elles konsertar med Heine Totland og Gisle Børge Styve torsdag, Ingebjørg Bratland fredag og Javan Pavlovic trio søndag.

– Dei nynorske festspela er femti arrangement på fire dagar med litteratur, musikk, foredrag og samtalar, utstillingar, kurs og seminar, seier Åshild Widerøe. (©NPK)

Høyr Simone Eriksrud syngja på si eiga dialekt: