Krev kamp mot skatteparadis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Avsløringane viser eit system som tillèt at rike stel frå fattige. Jo større du er, desto mindre sannsynleg er det at du betalar den skatten du skal.

Det seier Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl, i ei pressemelding organisasjonen sendte ut etter at Aftenposten i samarbeid med fleire internasjonale medier publiserte Panama Papers.

LES OGSÅ: Skatteetaten vil ha innsyn i Panama-dokument

Krev løysingar
Over 11 millionar dokument lekt frå eit advokatfirma i Panama, viser korleis statsleiarar, politikarar og milliardærar betalar for å gøyma unna pengar i skatteparadis. I dokumenta er over 200 nordmenn nemnt.

– Medan Panama Papers set søkjelyset på statsleiarar, næringslivsaktørar og kjendisar, er prinsippet det same for dei verkeleg store fiskane, som Google, Apple eller Starbucks. Fokuset framover må liggje på løysingane, meiner Lindahl.

Firma som Google og Starbucks har vorte utsett for tax shaming, som følgje av avsløringar om at dei betalar svært lite skatt i Storbritannia. I 2015 kunne The Guardian fortelja at Starbucks no betalar betydeleg meir i skatt, sjølv om dei framleis får kritikk for eit system som gjer det vanskeleg å sjå om dei betalar nok. 

Teknologigiganten Apple er på si side anklaga for ulovleg skatteunndraging gjennom si verksemd i Irland og kan ifølgje The Guardian skulda heile 8 milliardar dollar. 

Partia på Stortinget er no i innspurten av arbeidet med ei skattereform som kan gjera det vanskelegare for norske bedrifter og personar å plassera pengar i skatteparadis.

LES OGSÅ: Kåre Willoch ut mot selskap som plasserer pengar i skatteparadis

Afrika tapar milliardar
Changemaker-leiaren, som lenge har vore oppteken av korleis skatteparadis tappar fattige land for viktige pengar, meiner dei norske tiltaka kjem for seint.

Ho viser til ein ny rapport fra UNECA (FNs økonomiske kommisjon for Afrika) som viser at 500 milliardar kroner forsvinner ut av Afrika kvart år som følgje av ulovlige kapitalflukt.

– Globalt øydelegg dette fattige lands moglegheiter til å finansiere grunnleggjande tenester, som skule, helse og infrastruktur. Dette veit me allereie, likevel kjem løysingane for seint og er for dårlege.

Lovutvikling
I 2013 kunne Changemaker saman med Tax Justice Network Norge og Publish What you Pay Norge jubla for den nye Land-for-land-rapporteringslova, som skulle hindra korrupsjon og kapitalflukt frå fattige land.

Men ein rapport frå Changemaker synte at skatteparadis slapp unna den nye lova.

I fjor vart lova utvida til å òg gjelda selskap registrert i skatteparadis.

Dagleg leiar i Tax Justice Network Norge, Sigrid Klæboe Jacobsen, meiner Panama-avsløringane berre er toppen av isfjellet og viser at systemet har svikta i mange ledd.  

– Advokatselskap, bankar og skatteparadis har lagt til rette for alt frå storstilt korrupsjon, skjule identitet til personar på terror-lister, til internasjonal våpenhandel og skatteunndraging. Når støvet legg seg, bør Stortinget krevje ei gransking og ein heilskapleg plan for å verna samfunnet vårt mot den globale hemmeleghaldsindustrien, seier Klæboe Jacobsen i ei pressemelding.

Tax Justice Network Norge er ein allianse av 15 organisasjonar, mellom anna Unio, Fagforbundet og Kirkens Nødhjelp, som er moderorganisasjonen til Changemaker.

Krev meir openheit
Tax Justice Network Norge krev at Noreg tek grep mot skjult eigarskap og at Stortinget tek ein grundig titt på Finanstilsynets rolle, når dei ikkje har hindra norske bankar frå å opptre som mellommenn mellom norske kundar og skatteparadis.

Direktør i Finanstilsynet Morten Batlzersen uttalar til E24 at dei vil be om ei utgreiing frå DNB og andre bankar, som gjennom dotterselskap har bistått norske kundar i å opprette selskap i skatteparadis.  

Land-for-land rapportering må gjelde for aktiviteter i alle land, og utvidast til å gjelde for alle selskap, slår organisasjonen fast.

Changemaker-leiaren peikar i tillegg på behovet for informasjonsutvekslingsavtalar med land utanfor OECD.

– Avsløringane viser kor ekstremt viktig tilgang på informasjon er. Det første regjeringen må gjere er difor å gjere land-for-land-rapporteringa til et slagkraftig verktøy som gjeld hele næringslivet, seier Lindahl.

Faktaboks

Prosjektet Panama Papers vert omtala som verdas største graveprosjekt.

376 journalistar frå ulike land har teke for seg over 11 millionar dokument, som avslører korleis statsoverhovud, politikarar, milliardærar og idrettsfolk betalar for å gøyme unna pengar i skatteparadis.

Prosjektet er eit resultat av at tyske Süddeutche Zeitung fekk tilgang til ei rekkje hemmelege dokument frå advokatfirmaet Mossack Fonseca, som vart delt medConsortium of Investigative Journalists.

I Noreg er Aftenposten einaste medie som har fått tilgang til dokumenta

Kjelde: Aftenposten