– Nynorsk må brukast i andre fag enn norsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Engasjert i målsaka

– Året som leiar har berre gjort meg endå meir engasjert i målsaka, og eg ser fram til å leie organisasjonen og vere med på å setje dagsorden i språkdebatten i året som kjem, seier Synnøve Marie Sætre i ei pressemelding frå Norsk Målungdom. 

LES OGSÅ:Nynorsk jubel for teiknspråk-MGP

Språk i skulen
I helga var 50 målungdommar samla til landsmøte på Hommelvik ungdomsskole i Malvik. Her fekk Sætre fornya tillit etter sitt første år som leiar.

25-åringen frå Ørsta vart først aktiv i Målungdomen gjennom Studentmållaget i Oslo og har sete tre år i sentralstyret.

I tillegg til nytt styre vedtok organisasjonen arbeidsprogram for den neste perioden og program for språk i skulen.

Målungdomsleiaren er oppteken av at elevane skal verte trygge og medvitne språkbrukarar. Målungdommen vil difor jobbe for at retten til å sjå hovudmålet sitt som undervisningsspråk dei sju fyrste åra av grunnskulen skal utvidast til å gjelde alle ti åra av grunnskulen.

– Mange stadar der nynorskelevane er i mindretal, får dei gjerne ikkje sjå språket sitt som undervisningsspråk utover sidemålsundervisninga til medelevane sine. Mykje av løysinga ligg difor i at nynorsk må brukast meir i andre fag enn norsk, meiner Sætre.

Med seg på laget i sentralstyret får Synnøve Marie Sætre nestleiar Fredrik Hope frå Hyen, Kirsti Lunde frå Lom som skrivar, Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg som økonomiansvarleg, Kine Svori frå Jostedalen som sentralstyremedlem.

LES OGSÅ:Målungdommen er førsteprioritet