Droppar søksmål mot aktivistane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gruveselskapet Nordic Mining meldte sjølv i ei børsmelding at dei ikkje vil saksøkja naturvernarane som hindra prøveboringane, som etter planen skulle starta ved Førdefjorden i februar i år.

Det melder Natur og Ungdom-magasinet Putsj.

Éin million i bøter
Nordic Mining har fått løyve til å bore etter rutil i Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane, for deretter å oppbevara avfallet i eit sjødeponi i Førdefjorden.

Natur og Ungdom har reagert kraftig på dette vedtaket og lenkja seg difor for fjorden. Gjennom ein tre veker lang aksjon pådrog rundt 100 aktivistar seg kring éin million i bøter for sivil ulydigheit.

Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, har tidlegare uttala til NRKat dei vil søkja økonomisk erstatning for tida og pengane aksjonistane har kosta selskapet.

– Det er hårreisande at Fossum og co vil saksøkja aksjonistane for utgifter til et prosjekt som aldri burde sett dagens lys, svara Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær, som var ein av aktivistane.

Desse utsegna har skapt reaksjonar og over 5900 personar har signert eit opprop mot søksmålet. Blant initiativtakarane var den samiske artisten Mari Boine.

LES OGSÅ:Slik såg det ut då politiet aksjonerte mot aksjonistane

Avslutta prøveboringa
No har Nordic Mining snudd og i børsmeldinga melder dei om god framdrift etter at aksjonane vart avslutta.

– Som følgje av dette er dei totale meirkostnadane moderate. Me har bestemt oss for å halde fram med prosjektet og ikkje gå inn i en lang og kostbar rettsstrid mot demonstrantane, seier Fossum i børsmeldinga.

Selskapet omtalar den no avslutta prøveboringa som ein suksess. No skal prøvane analyserast av ekspertar før ei ressursoversikt skal leggjast fram til hausten.

DEBATT: «Fortidsfylket»