Stiller til attval for Norsk Målungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til helga kjem 50 målungdomar til Hommelvik ungdomsskole i Malvik for å halde landsmøte.

På programmet står utarbeiding av ny språkpolitikk og val av personar til sentrale verv.

Leiaren i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, stiller til attval.

– Korleis har året som leiar vore?

– Det har vore eit år med bratt læringskurve og mange fine opplevingar. Å vere leiar for ein organisasjon med så mange flotte og flinke medlemer er veldig kjekt. Det er òg stor stas å få reise rundt og besøke skular i heile landet og snakke om språk. På målferd opplever me ofte at elevane synest det er nyttig og spanande å møte nynorsken som noko anna enn verbbøying i sidemålsundervisninga, og kanskje nokre av dei får eit litt nytt syn på nynorsken, og ingenting er betre enn å sjå at arbeidet nyttar.

– Kvifor tek du attval?
– Eg skal innrømme at då eg gjekk på som leiar i fjor, hadde eg tenkt at det skulle vere berre for eitt år, men året som leiar gjorde meg meir engasjert. Når ein jobbar så mykje med ei spesiell sak, ser ein tydelegare framgangen, men òg dei områda me har meir å gå på. Difor ynskjer eg å halde fram arbeidet for språket mitt.

– Vi har ulike framlegg på trappene som kan ta politikken vår i ei litt meir progressiv retning. Til dømes har vi ei fråsegn som nok kan vekke oppsikt i vertsfylket Sør-Trøndelag, seier Sætre.

Ikkje tapt sak i Trøndelag

Målungdommen ynskjer å markere nynorsken der dei kjem.

– Den siste skulekrinsen med nynorsk i Trøndelag gjekk over til bokmål for ikkje så lenge sidan, men Målungdomen ser ikkje på nynorsk i Trøndelag som ei tapt sak. Me ynskjer at Trøndelag ikkje avskriv nynorsken, men tek han i bruk på nye område, og ser på han som eit hjelpemiddel for å løyse utfordringar me vil stå overfor i framtida, skriv Sætre i ein epost til Framtida.no.

Faktaboks

Dette er innstillinga til det nye sentralstyret i Norsk Målungdom:

Leiar: Synnøve Marie Sætre, Ørsta i Møre og Romsdal
Nestleiar: Fredrik Hope, Gloppen i Sogn og Fjordane
Skrivar: Kirsti Lunde, Lom i Oppland
Økonomiansvarleg: Hans Rasmus Glomsrud i Eidsberg i Østfold
Sentralstyremedlem: Kine Gjertrud Svori, Luster i Sogn og Fjordane