– Alarmerande tal som krev målretta tiltak, seier Synne Hall Arnøy.

NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no

I ei undersøking som Skeiv Ungdom har gjort blant sine eigne medlemmer, svarar fire av ti at dei er blitt mobba for si seksuelle orientering.

Det er Skeiv Ungdom og Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) som står bak undersøkinga. I alt 378 tidlegare og noverande medlemmer av Skeiv Ungdom har svart.

Synne Hall Arnøy (bildet), leiar for skulesatsinga til LLH, Rosa kompetanse skole, krev at styresmaktene prioriterer målretta tiltak.

Nesten 40 prosent oppgir å ha blitt mobba eller trakassert på bakgrunn av seksuell orientering i skulen, og bortimot 30 prosent på bakgrunn av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, skriv Blikk.

Eirik Rise, leiar i Skeiv Ungdom, meiner tala bekreftar at skeive ungdommar opplever meir mobbing og trakassering enn gjennomsnittet.

LES OGSÅ: Kom ut som homo på ungdomsskulen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE