Gir gutane ein familie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved mottaket i Ulsteinvik for einslege mindreårige asylsøkjar bur det 26 gutar. Om lag halvparten er fødde i 2000, resten i -98 og -99. Gutane er frå Afghanistan, Eritrea og Somalia. Felles for dei alle er at dei reiste frå heimane sine våren/sommaren 2015. Mange kjem frå heimar der far er død eller bortført, og dei har sjølve vore i arbeid i fleire år for å skaffe inntekt til familien. 

– Eg kjenner etter kvart mange av gutane godt, og blir stadig imponert og berørt i møte med dei, seier helsesøster Ann Iren Brautaset. Ho fortel at mange har reist frå alt som er kjent; familie, venner, kultur osb. Nokre har blitt tvinga til å reise, andre har tatt del i avgjerda. Felles for dei alle er at dei vart kasta ut i ei farefull og lang reise, der dei fleire gonger har vore i reell livsfare.

Dei er midt i pubertet og ungdomstid, samtidig som dei skal prøve å lære seg å ta vare på seg sjølve i eit ukjent land med ny kultur, språk, religion og levesett.

Brautaset blir dagleg imponert over gutane si evne til å lære seg alt det nye. Dei som arbeider ved mottaket gjer sitt beste for å hjelpe dei gjennom alle utfordringane, men oppgåva er stor.

– Eg såg tidleg behovet for at desse gutane vart knytt til ein norsk heim. Ein heim med trygge vaksne som kan vise litt omsorg og samtidig gje eit innblikk i korleis me lever liva våre, fortel Brautaset, som tidlegare i vår gjekk ut og etterlyste fadrar til gutane.

Fleire har meldt seg
Sidan då har 11 av gutane fått seg fadderforeldre. Gutane som har fått familie har blitt veldig glade. Det er godt for dei å få nokon dei kan kalla «mamma» og «pappa», og fleire av dei har fått «søsken».

Stig Grimstad og Åse Dimmen Grimstad har nyleg blitt fadderforeldre for femten år gamle Zabiullah frå Afghanistan. Dei vil gjerne bidra for å få gutane integrerte i ulsteinsamfunnet.

– Det er ikkje «farleg». Det er barn det er snakk om, seier Åse.

– Dei er komne for å bli, tilføyar Stig og meiner at då er det vår jobb å behandle dei godt og vere gode rollemodellar.

Kvardagslege gjeremål
For dei unge gutane er det godt å kome ut av mottaket og få vere del av ein familie innimellom. Fadderfamiliar treng ikkje leggje opp eit eige opplegg for gutane, dei set stor pris på å få vere med på daglege gjeremål i ein familie. Det kan vere å handle inn, lage mat og ete i lag. Kanskje gå tur med hunden.

– Det er tid og omsorg som er nøkkelorda her, seier Brautaset. Familiane som melder seg styrer sjølv, i lag med gutane, kor ofte dei skal treffe kvarandre. Men ho set eit minstemål på to gonger i månaden.

Monica Garshol fortel at ho tidleg fekk lyst å gjere noko for å hjelpe. Men det var vanskeleg for henne å reise ned til Lesvos for å hjelpe der. Difor vil ho hjelpe ungdomane som er komne hit. Borna hennar synest det er veldig kjekt å ha fått ein «storebror» og gler seg til neste gong han skal kome på besøk. For det er ikkje berre gutane frå mottaket som har glede av dette, det har også dei som blir kjent med gutane.

– Om ein har barn sjølv, vil det å bli kjend med ein av desse gutane tilføre våre eigne barn ein kompetanse og eit verdisyn som kan gi eit nytt perspektiv på eigne liv og livsvanar. Det trur eg alle kan ha nytte av, seier Brautaset og oppmodar fleire om å melde seg for å vere fadder for ein gut eller to.

Les saka i Vikebladet!