Unge tapar kampen om jobbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tapar kampen om jobbane

Frå 2008 til 2015 har sysselsetjingsraten gått ned med 6,6 prosent blant unge i alderen 25– 29 år. I den same perioden har sysselsetjinga blant dei som er i alderen 65– 74 år gått opp med 3,6 prosent, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: Kortvaksne og overvektige tener mindre

– Fallet i sysselsetjingsraten blant yngre kan vere den framtidige trygdebølgja. Vi har så lett for å rette all merksemda på dei kortsiktige arbeidsløysetala, men dette betyr kanskje meir i lengda, seier LO-økonom Stein Regaard.

Styreleiar Ingrid Kløve i Seniorsaken trur hovudårsaka til at fleire eldre er i jobb er at folk er friskare, ikkje at dei er nøydde til å jobbe på grunn av økonomi.

– Men framover vil vi nok sjå at fleire blir nøydde til å jobbe lengre på grunn av pensjonsreforma. Det har nok ikkje slått inn heilt enno, trur ho.