Barnebarnet til John le Carré er noregsaktuell med førsteboka i sin feministisk-gotiske thriller-trilogi.

mm

– Eg vart veldig opprørt av å sjå så mange kvinnelege kroppar i konteinarar.

Forfattar Jessica Cornwell viser til sjangerstereotypien innafor krim og thriller, der kvinner er offer – som gjerne vert lemlesta på det grovaste og dumpa.  

Men 29-åringen må medgje at ho sjølv lemlestar kvinner i debutromanen Slangeskriftene, som nyleg kom ut på norsk.

Nokon drep kvinner på rituelt vis og kuttar ut tunga deira, men for Cornwell er desse kvinnelege offera symbol for noko større.

LES OGSÅ: Kroken & Kolden leverer stuttreiste mord frå Lom

«Feministisk, gotisk, thriller»
Stereotypien med mannlege krimforfattarar og kvinnelege lesarar får debutanten til å le godt.

Det er første helga i mars og ho er i Oslo i samband med Krimfestivalen. I løpet av tre dagar skal 53 forfattarar delta på 50 arrangement. Fleirtalet av forfattarane er menn. Debutanten Jessica Cornwell er den einaste under 30 år.  

Boka hennar, som er første delen av ein trilogi, er allereie omsett til åtte språk. I tillegg kan Cornwell fortelje at ho har starta samtalar med eit filmselskap.  

Framtida møter ho i lokala til Cappelen Damm, som er det norske forlaget hennar. Dei kallar det «kodekrim». Sjølv bruker Cornwell merkelappane «feministisk, gotisk, thriller».

– Kva skjer med eit eventyr når det blir modernisert? Det blir ein thriller. Det er ideen bak boka. Det er på ein måte eit hallusinerande, feministisk eventyr, som blir til kodeknekking.

LES OGSÅ: Emma Watson startar feministisk bokklubb

Frankenstein-forfattaren
Den unge forfattaren, som har studert litteratur ved Stanford University, har latt seg inspirere av tidlege britiske feministiske forfattarar,  som kvinnesaksforkjempar Mary Wollstonecraft (1759-1797)  og Mary Shelley (1797-1851), mest kjent for å ha skapt Frankenstein.

– Eg var fascinert over at dei skreiv populær fiksjon, i tillegg til A Vindication of the Rights of Woman.Denne gotiske romantrenda byrja som ein måte kvinner – unge kvinner – byrja å uttrykkje kvinnelege historier, forklarar Cornwell, som sjølv let hovudpersonen sin finna ein gotisk thriller frå tidleg 19.hundretal.

Men forfattaren er kanskje aller mest inspirert av Angela Carter (1940-1992) og nemner mellom anna The Bloody Chamber. Cornwell kallar det facinerande, bisarre, skremmande samtidseventyr.

LES OGSÅ: Sterke historier om sterke kvinner

Katalansk teater
23 år gamal flytta Cornwell frå heimstaten California til Barcelona, for å studere drama. Denne byen og opplevinga av å vere framand i ein annan kultur finn ein att i boka.

Handlinga i Slangeskiftene finn nemleg stad i den katalanske hovudstaden. Den unge amerikanske forskaren Anna Verco vert tilkalla på oppdrag frå ein pensjonert kriminalinspektør. Ei kvinne er drepen på bestialsk vis og Verco ser samanhengen med eit gamalt manuskript frå før Jesu tid.

Cornwell, som både har studert internasjonal politikk, Midtausten-studiar og arabisk, er spesielt  interessert i samfunn som har vorte undertrykte og korleis dei fortel sine eigne historier.

Etter studiene jobba Cornwell for eit katalansk teater, men då finanskrisa kom såg det dårleg ut for vidare arbeid i Spania. Amerikanaren, som har britiske foreldre, flytta då til London, der ho jobba med filmproduksjon.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Overgrep mot kvinnestemmer
I dette tilfellet fall ikkje eplet langt frå stammen. Begge foreldra hennar jobbar i filmbransjen. Mormora tok doktorgrad i engelsk litteratur allereie på 1950-talet, medan bestefaren på farssida, John le Carré– fødd David John Moore Cornwell – er verdskjent for sine populære spionromanar.  

Den første boka til barnebarnet hans var ferdig i 2013 og etter to månadar var avtalen i boks, norske Cappelen Damm takka faktisk ja før det engelske forlaget.

Ifølgje forfattaren sjølv er boka vanskeleg og skriven for å lese sakte. Ho trur at boka kan verte ein skuffelse for folk som forventar ein viss sjanger, men håpar at serien vil finne sine lesarar.

– Det er ei bok for kvinner som er glade i å lese, og er interessert i hemmelegheitene under teksta og denne kjensla av overgrep mot kvinner, som ikkje berre er fysisk. Det er ei bok om overgrep mot kvinners røyster og korleis det manifesterer seg i mytologien.

LES OGSÅ: Disney-prinsessene sitt snakkeproblem

Ingen Lisbeth Salander
Cornwell ville ikkje kalle hovudpersonen Anna Verco ein antihelt, og bruker heller «accidental heroinne» om den unge, litt naive og besette heltinna.

Sjølv er forfattaren brennande feminist og meiner me no er inne i ei spanande tid i spennings- og krimsjangeren, der kvinnelege karakterar vert stadig meir varierte.

– Eg ville skrive ei uvanleg kvinne. Ei som er upåliteleg, men ikkje nødvendigvis lyg til deg. Som på sett og vis manglar sjølvkontroll og som ikkje er motivert av eit ynskje om romantikk, men som er motivert av å finne ei sanning. Ei som relaterer til kvinnene som blir myrda, fordi ho ser noko av seg i dei. Det er det som hjelper ho å løyse mysteriet, forklara Cornwell.

– Ho er alltid på vippen til eit nervøst samanbrot. Det er på ein måte energien hennar.

I tillegg til å vere ein lynsmart akademisk helt, kan amerikanske Anna Verco sjå og sansa ting andre ikkje kan.

Forfattaren ser dei same tendensane med nybrytande kvinneskikkelsar i andre delar av populærkulturen, som film og tv. Men Anna Verco er ingen Lisbeth Salander, forsikrar Cornwell.

LES OGSÅ: Hunger Games banar veg for heltinner

Feminist, ja visst
29-åringen er overtydd om at det har noko for seg å ha eit feministisk blikk på litteraturen og peikar mellom anna på Virginia Woolfs essaysamling A room of her own (1929), som ser på kven ein som kvinneleg forfattar identifiserer seg med i ei mannsdominert verd.

For Cornwell gir det meining, som Woolf seier, at ein som kvinne identifiserer seg med heksa, utsidaren og den stemmelause.

Som den eldste av fem systrer – og tre brør – har ho alltid vore oppteken av feminisme. Gjennom eigne erfaringar har ho sett kor viktig det er å ta dette standpunktet.

– Eg er ikkje egalitær. Eg er interessert i feminisme fordi eg er interessert i likestilling mellom menn og kvinner, eg er ikkje interessert i å setje eit kjønn framfor eit anna, forklarar Cornwell.

Ho meiner feminisme i dag er vorte superpopulært,  «a fashion catch frase» og «a movement of great empowerment» –  eit populært ord, som på norsk best kan omsettast til myndiggjering.

Ho hyllar feministklassikarar som The Second Sex (1949) av Simone de Beavoir (1908-1986), men òg dagens bloggkultur og særleg nyheitsbloggen Lenny – driven av Lena Dunham og Jenny Konner. Og så er det sjølvsagt HBO-serien Girls, som har gjort Dunham til eit feministikon.

LES OGSÅ: – Det er på tide å oppdatere feminismeomgrepet

Jakta på kvinnene
Men kvinner i historia er ei anna sak.

Korleis historier vart skrive oppå kvarandre på gamle pergamentrullar for å spara pengar, har for forfattaren blitt eit symbol på kva som har skjedd kvinnene opp igjennom tida.

Cornwell var lei av å leite gjennom historia på jakt etter kvinnene og kvinnelege forfattarar. «Ja, det er nokre som tek pusten frå ein,» medgjev 29-åringen. Men så innsåg ho kor mange fleire eksempel det er, som ikkje kjem gjennom filteret.

– Eg følte eg kunne gjera noko nytt. Eg kan bringa inn ein intellektuell helt, som er ei kvinne, som søkjer etter ei kvinneleg røyst som er skriven ut av historia. Som ikkje ser etter kvinnelege kroppar, men kvinnene som har forsvunne i historias papiravfall.

Verco leiter etter spor frå dei som ikkje er der, bevis på kva som er sletta. Ho ser på tenarane, på bøker som manglar, gudar som har erstatta gudinner. Denne systematiske forteiinga av kvinnehistorier fascinerer både forfattaren og hovudpersonen.

Cornwell fortel engasjert om Sibyllen, som i antikken var ein profet, som òg vert sett på som ei av dei første kvinnelege poetane.  Likevel høyrer ein aldri om ho.

DEBATT: Les ein kvinneleg forfattar – framfor å støvsuga

Sanninga bak historia
Thrillersjangrane let forfattaren utforska og spele på menneskets redsler, men Cornwell meiner at dei verkeleg gode bøkene – uavhengig av sjanger – inneheld ei historie om mellommenneskelege relasjonar.

Då ho først kom til Spania var ho i ferd med å kome seg etter ein episode. For den 24 år gamle studenten var det naudsynt å finne seg sjølv på nyttHo vil ikkje gå for djupt inn i si eiga historie, men avslører at boka er eit produkt av hennar eigne erfaringar med misigyni og sexisme.

Ein tidlegare studietur til India under tida på Stanford, gjorde spesielt sterkt inntrykk på den då 22 år gamle studenten.

Studentane skulle læra om Indias historie med ikkje-vald i kolonitida. Dei fekk òg læra om den grusame massakren i Gujrat i 2002. Samtalar og vitnesbyrd frå overlevande kvinner og historiene om kva menn hadde gjort mot desse kvinnene planta eit frø i den amerikanske studenten.

LES OGSÅ: 137 millionar har sett kampanjefilmen #kjærepappa

Eit valdeleg fenomen
– Eg var veldig sint når eg starta prosessen. Det kom til uttrykk i ei bok som inneheld mykje vald. Eg har vorte eksponert for ting som er veldig redselsfulle. Folk seier at denne boka er veldig voldeleg og grafisk. Men den valden og fordervelsen kjem frå verkelegheita. Det er brutalt og det skjer i det 21. århundre. Det skjer rundt oss heile tida.

Sjølv om bokserien ikkje inneheld desse episodane direkte, er det overordna prosjektet til Cornwell å sjå på vald mot kvinner som fenomen og kvifor det skjer.

– Kvar i historia startar det? Kvar kjem skiftet til ein tankegong som rettferdiggjer denne valden? Er det noko som alltid har vore der, eller er det noko du kan spore? Og om du kan spore det, kan du kanskje finne ut kvifor det skjer.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE