Rot i systemet

Sigrid Sørumgård Botheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ikkje me, kven skal greie det da?

Det dirrar i pulten av at trikken køyrer forbi. Eg vaknar opp frå mine eigne tankar og ser utover seminarrommet på Blindern. Det går opp for meg at det berre er jenter som sit her og ventar på at klokka skal bli kvart over. Ubalansen blir kommentert i det forelesaren ikkje får logga seg på datamaskina: – Det er ingen tekniske gutar her! Men den gode, gamle metoden slå-av-og-slå-på-att verkar denne gongen òg, forelesinga kan starte.

Vi skal diskutere ein roman av ein mannleg forfattar. Romanen handlar om eit forhold mellom ein far og ein son, eit interessant innblikk for meg. Men kvinnene i romanen er ikkje spesielt komplekse. Dei er anten smilande og søte sjukepleiarar eller fnisete tenåringsdøtre. Greitt nok. Eg går inn på pensumsidene for å sjekke kva bøker som kan vega opp for denne romanen. Det var ikkje mykje å skryte av. I vår skal eg lesa 43 tekstar, tre av dei er skrivne av kvinner.

Etter seminaret går eg for å eta, og nappar med meg eit nummer av studentavisa. På framsida står det at det er store skilnadar i kjønnsfordelinga ved læringsinstitusjonane. UiO kjem dårleg ut, under ein tredel av professorane er kvinner. Eg kjenner at eg blir irritert. Universitetet – ein stad der nye tankar skal tenkjast, der framtida skal skapast, der danning og humanisme og kunnskap står høgt! Er det berre eg som er heilt idiot, som ikkje har skjønt før nå at universitetet er ein tungrodd, gubbifisert og konservativ institusjon? Kritisk tankegang, du liksom. Kor naiv går det an å bli!

Om kvelden pratar eg med ein kamerat om dette. Korleis kan det ha seg at så få kvinner blir professorar, når det er fleire kvinner enn menn som studerer? Kvar blir det av alle desse kvinnene på veg opp i systemet? Han fortel om ein studie som viser at kvinnelege fyrsteamanuensisar bruker meir tid på husarbeid enn dei mannlege. Slik får menn høve til å arbeide meir på kveldstid, og får eit forsprang i karrierestigen. Å nei, er det verkeleg så banalt og teit – vi kan kvotere og kurse og coache så mykje vi vil, men så er det eigentleg det uoriginale og keisame husarbeidet vi må diskutere nok ein gong? Ok, if you can't beat them, join them: vi kvinner må setja oss ned og nerde sjølv om det er rotete rundt oss. For kanskje mannen din tek oppvasken til slutt, dersom du ikkje kjem han i forkjøpet?

Det er lett å kritisere norske kvinner for å kjempe for eigne rettar. Vi får jo lov til å studere, ikkje alle kvinner gjer det. Så kva klagar vi på? Vel, det hjelp ikkje akkurat kvinner i andre land at vi i Noreg gjer husarbeid og les bøker om norske middelaldrande menn som går gjennom ei eller anna krise. Om ikkje høgt utdanna folk i verdas mest likestilte land greier å vera likestilte, kven skal greie det da?

Så alle saman: God 8. mars! Les ei bok av ein kvinneleg forfattar i staden for å støvesuge!