Emma Watson startar feministisk bokklubb
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Harry Potter-stjerne startar bokklubb
Onsdag denne veka fortalde skodespelar og FN-ambassadør Emma Watson sine over 20 millionar Twitter-følgjarar at ho ville starta ein feministisk bokklubb, som enno ikkje hadde fått namn.
Hi Team, ❤️I want to start a feminist book club but so far have only brainstormed 'Feminist Book Club' and 'Emma Watson Book Club'.
— Emma Watson (@EmWatson) 6. januar 2016
Tusenvis av brukarar meldte si interesse, kom med namneforslag og delte meldinga vidare.
Kort tid etter var det i gang.
Bokklubben «Our Shared Shelf» er no ei offisiell gruppe på nettstaden Goodreads.com.
Gruppa har over 31.000 medlemmer, berre eit halvt døgn etter at Watson delte den første oppdateringa på Twitter.
Initiativet har òg vekt Twitter-engasjementet til kjendisar som skodespelar Sophia Bush, fotballspelar Abby Wambach og songar/skodespelar Kate Voegele.
LES OGSÅ: Jævla feministhore
Saka fortset under videoen av Emma Watson sin tale til FN:
Ved sida av skodespelarkarrieren, som fekk ein pangstart med rolla som Hermine i Harry Potter-filmane, har Watson teke ein bachelorgrad i engelsk litteratur ved amerikanske Brown University.
Ho har òg utmerka seg som FN ambassadør for kvinnesaka.
– Som ein del av mitt arbeid med kvinnesaka hjå FN har eg starta å lese så mange bøker og essay om likestilling som eg kan få tak i. Det er så mykje fantastisk stoff der ute! Morosamt, inspirerande, trist, tankevekkande og myndiggjerande. Eg har til tider funne så mykje at det har kjentes som om hovudet skal eksplodera. Fordi eg vil dela det eg lærer og høyra dykkar tankar, bestemte eg meg for å starta ein feministisk bokklubb, skriv Emma Watson i skildringa av gruppa.
Ifølgje Watson er planen å velje ut ei bok kvar månad, for så å diskutera boka den siste veka i månaden. Watson vil sjølv koma med spørsmål for å opna diskusjonen og håpar å få forfattarane til å stilla opp i diskusjonen.
Første bok ut er «My Life on the Road» av den amerikanske feministen Gloria Steinem.
Og feministikonet sjølv stiller gjerne opp både digitalt og fysisk:
"In the same room we can understand & empathize with each other in a way that's not possible on the page" @EmWatson @AbbyWambach @SophiaBush
— Gloria Steinem (@GloriaSteinem) 7. januar 2016