Sterke historier om sterke kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med at det nasjonale Kvinnemuseet på Kongsvinger i år fyller 20 år, har museet gitt ut ei samling av norske kvinnehistorier frå samtida vår. «Hundrekvinner» formidlar livet til kvinner i tekst og bilete, basert på eit stort intervjumateriale som finst i arkivet til Kvinnemuseet.

Tidsbilde av ein epoke
Kvinnene kjem frå ulike stader av landet og er både kjende og ukjende for folk flest. Felles er at dei alle er over 70 år og har levd i Noreg på same tid. Forteljingane deira gir oss eit inntrykk av norsk sosial- og kvinnehistorie gjennom store delar av det siste hundreåret.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette 

Samarbeid
Kvinnemuseet vart etablert i 1995 og fekk nasjonal status to år etter. Sidan 2004 har museet vore hovudansvarleg for eit nettverk av sju museum om kvinnehistorie; Helgeland Museum, Trondheim kunstmuseum, Norsk filminstitutt – filmmuseet, Bergen Museum, Glomdalsmuseet og Gjenreisningsmuseet i Finnmark og Nord-Troms.

Det første samarbeidsprosjektet til desse musea var å velje ut og intervjue hundrekvinner over 70 år om livet deira. Alle kvinnene blei spurde om det same etter ein bestemt mal. Dei første intervjua vart gjort i 2007, det siste i 2014. Alle intervjua vart tekne opp på lydfil og skrivne ut etterpå.

Sterke kvinneliv
Kulturskribent Kari Gjerstadberget, som sjølv har gjennomført 19 av samtalane, fekk det store oppdraget med å lytte og lese seg igjennom alle dei hundre originale intervjua og har samanfatta lange liv til korte tekstar i boka.

– Dette har ikkje vore keisamt eitt sekund! Men sjølvsagt ei utfordring å plukke ut det som skulle med. På band utgjorde materialet alt frå 45 minutt til fire timar med opptak, og frå fire til 40 sider på papir. Eg måtte tenkje på kva som karakteriserte kvar enkelt person ut frå kva dei fortalde. For mange var barndom og tidlege hendingar i livet det dei hugsa godt, og som sikkert var med å forme dei som menneske, fortel Gjerstadberget til Nynorsk pressekontor.

– Dette er sterke historier om sterke kvinner – eit unikt stykke noregshistorie frå det tjuande hundreåret, seier Kari Gjerstadberget.

LES OGSÅ: I kvinnekampens fotspor 

Sjølvrealisering
Dei hundre damene har sjølvsagt opplevd mykje ulikt gjennom barndom og vaksenliv, men det er også noko som er felles: eit ønske om å få vere seg sjølv og utvikle seg ut frå eigne føresetnader. Det var ikkje sjølvsagt i ei tid då jenter helst burde gifte seg og stelle hus og heim.

– Vi har alle ulike draumar for liva våre, men det er ikkje alltid det blir slik. Det viser nokre av desse historiene. Men uavhengig av yrke, hadde alle damene eit ønske om å gjere tilværet bra for dei rundt seg, fortel Gjerstadberget.

Ulike samfunnslag
Det er med kvinner frå alle samfunnslag, og også nokre med utanlandsk opphav. Her er kvinner som jobba på fabrikk eller butikk, her er dei som tok seg av små og store gardsbruk, eller dei som følgde draumen om å bli skodespelar eller kunstnar, og dei som gjekk eigne vegar i mannsdominerte akademiske eller politiske miljø.

Dette er også historia om dei som ikkje våga eller ikkje hadde høve til følgje draumen – men som likevel skapte eit godt liv for seg og familien.

– Boka er ein heider til dei kvinnene du møter i boka, til alle som kom før dei, og alle som kjem etter dei. For å vite noko om framtida, må vi lære av fortida, seier Kari Gjerstadberget. (©NPK)