Are Kalvø lærde tiandeklassingane i Seljord korleis dei skal skrive kåseri. Og at ein kan tulle med alt.

Line Omland Eilevstjønn, Vest-Telemark blad
Line Omland Eilevstjønn, Vest-Telemark blad

Denne saka er henta frå Vest-Telemark blad

Etter ståande applaus for humorshowet Kalvø – Ein time av livet ditt du aldri får tilbake på Granvin kulturhus i går kveld, besøkte humorist og forfattar Are Kalvø unge og uerfarne kåsørar i klasserommet på Seljord ungdomsskule. Der skulle han lære dei litt om å skrive morosame og underhaldande tekstar, samt ta imot spørsmål frå elevane som hadde vore på framsyninga hans kvelden før. Norsklærarane Anne Marthe Lindheim og Bergit Lisleåsheim Telnes gledde seg stort over å få litt draghjelp av den populære komikaren.

Korleis startar du når du skal skrive eit kåseri? spør ei jente på fremste rad.

– Eg beklagar å måtte skuffe dykk, men eg går nok fram akkurat slik som norsklærarane mine lærde meg å gå fram. Eg skulle ønskje eg kunne seie at eg sat i lenestolen med ei flaske raudvin på bordet og berre var morosam automatisk, men det der nok diverre ikkje slik det fungerer, seier Kalvø til latter frå elevane.

LES OGSÅ: Endeleg fred å få

Skriv start og slutt fyrst
Frå spøk til alvor: Han fortel at det viktigaste ein kan gjere når ein skal skrive er å lage ein god plan.

– På den måten kan du lettare konsentrere deg om å velje ut dei morosamaste orda. Så lenge du veit akkurat kva du vil seie. Og eg skriv alltid start og slutt fyrst. Då er det lettare å unngå å gå seg vill på vegen.

Dei trollbundne elevane høyrer på kvart ord han seier. Det er tydeleg at litt humor pluss fag er lik sant. På spørsmål om kor mykje av det han sjølv lærde i norsktimane på ungdomsskulen han har fått bruk for seinare i livet, smiler han sitt store, velkjende smil. Så spøkar han med at alt var relevant og nyttig, før han til sist innrømmer at han faktisk fekk bruk for ein god del etter kvart.

Tull med alt
Elevane, som er litt nervøse før dei skal ta til på sitt fyrste kåseri, er veldig nysgjerrige på kva dei kan få lov til å tulle med og ikkje. Der er Kalvø klar i si tale.

– Eg meiner at ein kan tulle med alt. I showet mitt no har eg mellom anna eit par vitsar om kona mi, som døydde for nokre år sidan, og korleis det var for meg og mine. Og det er litt godt det der, å kunne tulle med sjølv det mørkaste.

– Kan du tulle med alt? spør dei.

– Problemet her i verda er ikkje at folk har for mykje humor, svarar han.

 LES OGSÅ: «Sjokk-sjokket»

Ein nynorskbrukar skil seg ut
Når han fyrst han merksemda til dei unge seljordingane, slår han eit slag for nynorsken. Han forklarar at han sjølv har eit veldig avslappa forhold til hovudmålet sitt, og ikkje tenker noko over målet han skriv på eller dialekta si i det daglege. Men, han peikar på alle fordelane han har hatt som nynorskbrukar.

– Du blir lagt merke til når du er nynorskbrukar. Det er ein stor fordel, og har vore kjempefint for meg som humorist. Ein skil seg litt ut, rett og slett, seier han. Det store smilet openbarar seg på ny, og to vitsar kjem på rappen.

– Eg er jo berre humorist, men sidan eg er nynorskbrukar let norsklærarar meg kome rundt på ungdomsskular og prøve å lære dykk noko. Og, viss du er ein offentleg person som brukar nynorsk i meir enn 19 dagar, er det heilt garantert at du vil få ein pris. Slik er det berre, seier han og viser til at han er årets vinnar av Storegutprisen, som han skal få i Vinje under Litteraturdagane i august.

– Me synest at du er veldig morosam, Are. Kven har du det frå? spør lærar Anne Marthe Lindheim.

– Norsklærarane mine, svarar han kontant. Og endå ei gong fyllest klasserommet av latter.

LES OGSÅ: Ekspertane mine 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08
ANNONSE