– Terrorisme skal ikkje ta frå oss fridomen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein svart dag i Brussel. Det er eit angrep på dei verdiane vi står for, seier NATO-sjefen til NTB etter at Brussel blei ramma av tre eksplosjonar tysdag.

Over 30 personar blei drepne i angrep mot flyplassen i byen og ein metrostasjon i sentrum.

– Ingen samfunn er heilt sikra mot terrorangrep. Det er angrepet i dag ei brutal påminning om, seier Stoltenberg.

– Men vi kan kjempa mot terror, og vi kan driva tilbake den frykta som terroren ønskjer å skapa. Og vi kan slå tilbake mot dei som står bak, seier han.

Vil ta tid
Europa har opplevd ei rekkje åtak, og Stoltenberg strekar under at det vil ta krefter og tid å kjempa mot terrorisme.

– Det vi har sett, er fleire angrep i fleire ulike europeiske land, og at det har gått føre seg over tid. Det seier noko om alvoret, det seier noko om trusselen, og det seier noko om at det vil ta tid å nedkjempa terror. Det krev stor innsats på mange frontar, seier Stoltenberg.

Han peikar vidare på at det trengst fleire verkemiddel.

– Det dreier seg om alt frå militære maktmiddel, politi, etterretning og økonomiske verkemiddel til ein verdikamp, ein ideologisk kamp for opne, tolerante samfunn, meiner NATO-sjefen.

– Det viktigaste er at vi står saman, seier han.

LES OGSÅ: Belgia – lost in translation

Skjerpa tryggleik
Etter angrepet i Brussel tysdag blei tryggleiksnivået ved NATOs hovudkvarter straks heva.

Stoltenberg seier han raskt fekk beskjed om det første angrepet ved flyplassen, som ikkje ligg langt frå Nato. Alliansen held kontinuerleg kontakt med styresmaktene i medlemslandet og vertslandet Belgia.

– Dette er eit feigt angrep. Terrorisme vil ikkje klara å øydeleggja demokratiet og ta frå oss fridomen, seier Stoltenberg. (©NPK)