Journalistopplæring på rekordtid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter søkjer etter nye nynorskpraktikantar, med kursstart i slutten av august.

20 praktikantar har til no gjennomført opplæringa ved Nynorsk Avissenter i Førde. Halvparten har fått fast jobb eller lengre vikariat som journalistar, sju bit seg faste i journalistikken som tilkallingsvikarar og to har fast jobb i kommunikasjonsbransjen.

­– Vi har Noregs mest effektive opplæring i moderne avisjournalistikk, med stor vekt på digital kompetanse, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter i ei pressemelding.

– Vi ønskjer søkjarar frå heile landet som har lyst å skrive nynorsk, og vi tek inn praktikantar med ulik utdanning og erfaring, understrekar Longvastøl.

Praktikantane startar med praksis i Firda Media, landets største dagsavis som vert redigert på nynorsk. Her vert dei rettleia av kvar sin mentor og andre erfarne journalistar. I tillegg får dei fagleg påfyll frå dyktige forelesarar frå Amedia, NRK og høgskular.

Etter fire månader i Førde, går praktikantane til ein sjølvvald redaksjon. Vårens kull skal til Klassekampen, Bergens Tidende og Dalane Tidende, og ein held fram i Firda.

– Målet vårt er å gje unge og engasjerte nynorskbrukarar ein innfallsport til ei lynkarriere som journalist. Dyktige journalistar som brukar nynorsk vil styrke nynorsk som eit moderne bruksspråk, seier Longvastøl.

Fast stilling i NRK
Nynorsk Avissenter vart starta etter modell frå NRK Nynorsk mediesenter som òg held til Førde.

Nynorsk Mediesenter har sendt frå seg 115 nynorskpraktikantar sidan starten. 59 prosent av dei arbeider i media. Nesten 50 prosent er i NRK. Totalt har 44 fått fast tilsetting, 38 i NRK.

Nynorsk Mediesenter lyser òg ut etter nynorskpraktikantar.