Har tru på nynorsk i ny kommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke underteikna Aukra og Midsund ein intensjonsavtale om å laga ein ny kommune saman. Midsund vedtok for eit år sidan å vera språknøytrale etter å ha vore nynorskkommune i mange år. Storebror Aukra er nynorskkommune.

I avtalen står det ingenting om kva språket skal vera i den nye kommunen. Men ordførarane er klare på kva språket bør vera i den nye kommunen:

– Det bør absolutt bli nynorsk i den nye kommunen, seier Midsund-ordførar Odd Helge Gangstad (Sp).

Han ønskjer å sjå på språket i Midsund allereie etter dei er ferdige med folkerøystinga, og har tru på at det nye fleirtalet i kommunestyret skal kunne gå inn for vedta nynorsk som administrasjonsspråk igjen.

Skal opp i fellesnemnd
25. april er det folkerøysting i kommunane. Innbyggarane får velja mellom ein storkommune i Romsdal eller ei samanslåing mellom Midsund og Aukra.

Dersom det blir fleirtal for Aukra og Midsund, skal det lagast ei fellesnemnd som skal leia arbeidet med samanslåinga. Kvar av kommunane får fem representantar i denne nemnda.

– For Aukra sin del trur eg det med stort sannsyn blir nynorsk for den nye kommunen, seier Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap)  til LNK.no.

– Verre i storkommune
Aukra og Midsund har òg underteikna ein intensjonsavtale med dei andre romsdalskommunane Eide, Gjemnes, Molde, Nesset, Rauma og Fræna.

Også her blir det opp til ei fellesnemnd å bestemma kva språket bli ein eventuell storkommune.

Midsund-ordførar Odd Helge Gangstad har mindre tru på at det er mogleg å få nynorsk administrasjonsspråk i ein storkommune i Romsdal, sjølv om det er fleirtal av nynorskkommunar her.

Sist veke blei det kjent at Ålesund har gått med på å ha nynorsk som administrasjonsspråk i ein storkommune på Sunnmøre. Men Gangstad tvilar på om det vil gjera det lettare for Romsdal.

– Eg tenkjer det er ei snikinnføring av bokmål, seier han og trur kjøtvekta vil råde i kommunestyret til ein eventuell ny storkommune – anten det er på Sunnmøre eller i Romsdal.

LES OGSÅ: Blir Ålesund nynorskby?