Her kan du betala med David Bowie

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.02.2019 22:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kjølvatnet av finanskrisa i 2008 kom nokre lokale gründerar på ideen å starta ein eigen valuta for å hjelpe små forretningar i den multietniske bydelen Brixton i Lambeth i Sør-London.

Tanken er at valutaen skal stimulera lokal handel og produksjon.

Til nettstaden MarketWatch.com forklarar dagleg leiar Tom Shakhli kvifor ein bør bruka lokal valuta.

– Kvar gong du brukar det, er du ein økonomisk aktivist. Du tek del i ei handling som undergraver norma, som er å gje bort 10-pundsetelen din passivt.

LES OGSÅ: Syng David Bowie i verdsrommet

Lær meir om Brixton pound på nettsidene deira, eller i videoen under:

Frå raseopptøyer til marknadsplass

Bydelen Brixton, som er kjent som den jamaicanske hovudstaden i London, har i etterkrigstida vore sterkt prega av vald og kriminalitet.

Det heile toppa seg med fleire raseopptøyer og samanstøt med politiet på 1980-talet.

I dag er området kjent for eit yrande uteliv og ikkje minst gode marknadar.

Dei første Brixton Pound-setlane (B£) kom på marknaden i september 2009 og to år etter kom ei elektronisk betalingsteneste.

I dag kan ein betala med Brixton-setlar i 250 lokale forretningar, medan 200 tek i mot betaling digitalt.

Somme stader får kundane som betaler med Brixton Pound tilgang på spesialtilbod, medan bedriftene får positiv omtale av organisasjonen Brixton Pound.

Lokale myndigheiter i Lambeth er mellom dei som godtek Brixton Pound og tilbyr i tillegg sine tilsette å få løna utbetalt i Brixton Pound.

Den lokale valutaen i Brixton er ein av stadig fleire alternative valutaar i Storbritannia.

Saman med storebror Bristol Pound, er Brixton Pound blant dei mest etablerte.

LES OGSÅ: Hyllar avdøde David Bowie

Bowie frå Brixton

Verdien på er Brixton Pound det same som britiske pund.

Ein kan veksle inn pund sterling til lappar som tilsvarar 1, 5, 10 eller 20 Brixton Pound.

Kvar av setlane hyllar ein lokal helt, som er stemt fram av befolkninga.

Ein av dei mest kjente er musikar David Bowie, som nyleg døydde av kreft 69 år gamal.

Bowie prydar den andre 10-pundsetelen, som vart lansert i 2011.

Her kan du sjå alle Brixton Pound-setlane.

Fakta: Brixton Pound

  • I 2009 kom dei første Brixton Pound setlane, med bilete av målar Vincent Van Gogh (1853-1890), journalist og historikar C. L. R James (1901-1989), naturvitar og miljøaktivist James Lovelock (1919-) og politisk aktivist Olive Morris (1952-1979)
  • I 2011 kom andreopplaget av Brixton Pound med hemmeleg britisk agent Violette Szabo (1921-1945), musikar David Bowie (1947-2016), basketballspelar Luol Deng (1985-) og akademikar og aktivist Lenford Kwesi Garrison (1943-2003)
  • I 2014 kom ein jubileumssetel designa av Jeremy Deller. Setelen er verd 5 pund og har eit sitat av Karl Marx på eine sida.
  • 250 butikkar tek imot Brixton Pound og 200 butikkar godtek elektronisk betaling
  • Andre eksempel på eigen valuta: Bristol, Cardiff,Cornwall, Exeter, Kingston, Lewes, Liverpool, Plymouth, Stroud, Totnes, and Worcester.
  • Kjelde: Brixton Pound