Donald Trump snakkar som ein 12-åring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trump snakkar som ein 12-åring

Dei fremste kandidatane til å bli den neste presidenten i USA bruker ord og grammatikk som om dei var skuleborn, viser ein ny studie.

Forskarar ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh har funne ut at kandidatane har eit ordforråd i talane sine som er typisk for barn i alderen 11 til 13 år.

Kandidatane har dessutan tatt i bruk eit stadig enklare språk i valkampen.

Blant presidentkandidatane som er igjen har Donald Trump det svakaste ordforrådet, tilsvarande det til ein 12-åring. Han er òg svakast i grammatikk – på nivå med ein 11-åring.

Ordforrådet til Bernie Sanders er på nivå med ein 15-åring, best blant kandidatane som igjen.

ARE KALVØ: President! Eg er rar på håret!

– Når me snakkar, så bruker me ofte kortare setningar med mindre struktur i språket, seier Maxine Eskenazi, som er ein av forskarane bak studien, i ei pressemelding.

Ifølgje forskarane er det likevel ingen av kandidatane som kan måla seg med tidlegare president Abraham Lincoln. Republikanaren som gjorde slutt på slaveriet, utviste i Gettysburg-talen sin ein grammatikk på nivå med skuleungdom i 16-årsalderen.

USAs førre president George W. Bush som jamleg blei latterleggjort for språket sitt, hadde til samanlikning eit grammatikknivå på linje med ein 10-åring, konstaterer forskarane.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?