Vil at lærarar i Mississippi skal setja karakterar på foreldre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA: Lærarar skal gi foreldre karakterar

Om politikarane i delstaten Missisippi får vilja si, blir lærarane nøydd å setja karakterar på foreldreinnsatsen til sine elevar. Det melder amerikanske Fox News.

Forslaget, som er fremma av  Gregory Holloway, går ut på at foreldra skal få ein eigen bolk på elevane sitt karakterkort. Her skal foreldra verte vurdert etter kommunikasjon med lærarane, om eleven gjer heimeleksene sine og er godt budd til prøvar, samt fråvær og om eleven stiller opp på tida.

Mary Clare Reim, i tenketanken Heritage Foundation, kallar forslaget “absurd” og meiner det ikkje er ein gunstig framgongsmåte for å oppmuntra foreldre til å involvera seg i skulegangen til sine born.

– Konseptet at foreldre skal bli karaktersett av lærarar for sitt engasjement er motsett av slik utdanningssystemet bør vere. Foreldre burde gje lærarane karakterar på jobben dei gjer, uttalar Reim ifølgje den amerikanske nyheitskanalen.