Har skapt ein heilt ny sjanger

Felespelar Mari Skeie Ljones har fått med seg seks samtidspoetar til å skapa ny sjanger. I haust går turen til Ulvik poesifestival.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ljones har fått poetane til å skriva tekstar med rot i spelemannssoger i Gudbrandsdalen. Saman har dei skapt ein ny sjanger: Folkemusikkpoesi.

Førestillinga «Spring du fela» vert det første musikkarrangementet på Ulvik poesifestival 9.–11. september.

– Dette vert ein knallstart på musikkprogrammet på festivalen. Nye dikt, skrivne til gamle forteljingar, med nye tonar og heile fem unge og dyktige musikarar på scena er perfekt for Ulvik poesifestival, seier dagleg leiar Geir Netland på Hauge-senteret i ei pressemelding.

Mari Skeie Ljones har sjølv tonsett dikta. Med seg på scena har ho Camilla Granlien på fele og vokal, Jo Fougner Skaansar på vokal og hapidrum, Olav Christer Rossebø på gitar, mandola og mandolin, og Gaute M. Sortland på gitar og vokal.

Anna Kleiva ein av poetane som har skrive tekstane til «Spring du fela». Den 31 år gamle poeten har allereie gitt ut tre diktsamlingar, fått fire litteraturprisar og er ein del av ein ny generasjon nynorskforfattarar. Frå før av er det klart at dei etablerte nordiske forfattarane Pia Tafdrup og Gyrđir Elíasson kjem på festivalen. Anna Kleiva er ein heilt ny generasjon.

– Me er glade for at me har eit stort mangfald av arrangement og forfattarar på festivalen.

Etablerte artistar som Tønes, Ane Dahl Torp og Solveig Slettahjell får selskap av yngre og nyare krefter. Det er mykje å gle seg til på Ulvik poesifestival, avsluttar Geir Netland.