Ideen som kan redde liv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Porten.no.

Safe Sound starta som ei ungdomsbedrift ved service linja på Årdal vidaregåande skule. Denne veka vart dei registrert som aksjeselskap i Brønnøysundregisteret. Bedrifta har totalt 10 medeigarar, med 3 aksjar kvar. 

Nestleiar Glenn Tony Lie, som er tidlegare elev ved servicelinja, seier Safe Sound har fått god hjelp frå Årdal utvikling sidan oppstart. 

–  Årdal utvikling har vore med oss sidan me starta som ungdomsbedrift. Utan deira hjelp hadde ikkje dette vorte realisert. Dei hjelper oss med det formelle ved å starte eit aksjeselskap. Me har òg fått hjelp til å skaffe ein styreleiar, som er Jarle Nundal. 

LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken

Kva er Safe Sound?
Safe Sound As blei starta opp av ein tidligare serviceklasse ved Årdal Vidaregåande skule. Dei kom opp med ein idé som skal hjelpe helsepersonell inn i større folkemengder ved naudsituasjonar.

– Produktet vårt fungerer som ein alarm på armen, der me brukar ein kombinasjon av lyd og lys som skal få folk til å trekkje seg vekk. Dette kan for eksempel brukast på konsertarrangement, eller større event der det er mykje folk.

– Dette er eit produkt som i utgangspunktet finst frå før på blant anna utrykkingskøyretøy. 

Glenn Tony legg også til at formålet med produktet er å redde flest mogleg liv.

LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv

Vegen vidare
– Det bedrifta tenkjer vidare er at me vil sjekke marknaden, om det er bruk for produktet. Og sjå korleis  Safe Sound As eventuelt kan produsere produktet og få ideen realisert.

– Det er jo ein lang prosess å få produktet kommersialisert, men til no har me ein prototype. Safe Sound As ser for seg ambulansepersonell, vektarar og medisinsk personell som ei mogleg målgruppe. 

Glenn Tony fortel at bedrifta har heile tida vore klar på at dei ynskjer å lage ei reell bedrift.

– Ved 2.året service kan elevane velje om dei vil vere utplassert, eller starte ei ungdomsbedrift. Klassen hadde lyst til å starte ei bedrift sjølv. Lærarane meinte at det var ei vanvitig god læring å starte ei ungdomsbedrift. Me har heile tid vore ganske klare på at me ynskjer å lage ei reell bedrift på dette, fordi me meiner at det er ein god idé.