Slipknot + Justin Bieber = Sant?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For fem år sidan dukka musikkvideoen «Psychosocial Baby» opp på YouTube. Artisten Steven Nguyen, kjent som Isosine, sat vokalsporet frå singelen «Psychosocial» av heavy (nu)-metall-bandet Slipknot, saman med instrumentalsporet frå popstjerna Justin Biebers «Baby».

Mashupen av dei to låtane vart sett over 17 millionar gongar, før den var blokkert grunna opphavsrett.

Samplingbasert musikk er gjort langt enklare å lage av teknologiske framsteg, som den digitale samplaren og Internett. Er artistar som klippar og limar frå andre sin musikk noko anna enn amatørar som leikar seg?

LES OGSÅ: Metall-misjonærane byter ut Satan med Gud

Uoriginal og lite kreativ
Ragnhild Brøvig-Hanssen er førsteamanuensis i populærmusikk ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på digitalisering, teknologi og musikk, og har sett nærare på trenden med brukarlaga musikk, som sampling, remix og mash-up-låtar er ein del av.

I artikkelen «Justin Bieber Featuring Slipknot: Consumption as Mode of Production» skriv ho at mashup-artisten ofte vert kritisert for å mangle originalitet. Mashup-artistar vert gjerne rekna som musikkforbrukarar som leikar seg med musikken dei høyrer på, framføre kompetente musikkskaparar.

LES OGSÅ: Men spelelista mi får du aldri…

Ein mashup er typisk satt saman av to gjenkjennelege opptak, som er synkronisert slik at vokalen i det eine sporet er kombinert med ein instrumental versjon av det andre, utan at betydeleg høyrbare endringar er gjort. Mashupen finst altså berre i den virtuelle verda, og artistane har aldri opptredd saman.

– Mashup og anna musikk bygd på sampling endrar seg heile tida. I kva grad dette eigentleg er ulovleg bruk av andre sin musikk eller ikkje, er ein stor diskusjon i internasjonal sammenheng med sterke argument både for og imot. Spørsmålet er også ganske komplisert sidan fleire ulike opphavsrettslover ofte er i sving samstundes. Mange meiner det er forbode, men det har førebels ikkje vore nokre rettsaker mot mashup-artistar, fortel Brøvig-Hanssen.

Ifølgje forskaren har sample-basert musikk vorte så utbreitt at den må takast på alvor. Musikk laga på denne måten kan nemleg utfordre kva musikalsk forfattarskap, kreativitet og musikalitet tyder.

Men først – litt historie.

Eit virtuelt musikkmiljø veks fram
Mashup-musikken kjem som eit resultat av at det virtuelle musikkmiljøet har vakse fram, med digitale laptop, «studio», enorme og lett tilgjengelege digitale musikkarkiv på nett, og distribusjonskanalar der brukarane lagar innhald, der YouTube og SoundCloud berre er to av mange.

Mashup-artisten Isosines nyaste album opnar med strofa: «We are the music-makers, and we are the dreamers of dreams». Strofa er eit sitat frå filmen Willy Wonka & The Chocolate Factory, som på si side har fått den frå diktet «Ode», publisert i 1873 av den britiske poeten Arthur O’Shaughnessy. Det er altså ikkje berre mashup-artisten som byggjer på tidlegare verk. Musikarar har bygd på, skrive om og re-presentert tidlegare musikk i alle tider.

Med utviklinga av opptaksteknologien, som den digitale samplaren, vart det mogleg å kopiere musikalske sekvensar inn i nye arbeid, skriv Brøvig-Hanssen.

Hip-hop-pionerar omfamna teknologien, og mot slutten av 80-talet er hip-hop kjenneteikna av lydklipp frå andre musikkopptak. På 90-talet vart det markant mindre sampling-aktivitet, då opphavsrettshavarar byrja å setje foten ned.

LES OGSÅ: Dette tyder Super Bowl-opprøret til Beyoncé

Etter årtusenskiftet fekk sample-basert musikk eit nytt oppsving. Ikkje minst vart dette mogleg etter kvart som Internett har gjort det nær umogleg for opphavsmenn- og kvinner å verne verka sine mot gjenbruk. I dette virtuelle miljøet, gjer sjølve omfanget av brukarskapt innhald det umogleg for nokon å kontrollere alle måtar materialet vert brukt på. Dette til tross for utviklinga av sofistikerte algoritmar som er laga for å kjenne att musikalsk materiale.

I dette miljøet har mashupen, med sine gjenkjennelege samplingar, slått rot. Mashup-sjangeren fekk mykje merksemd, mellom anna på grunn av tendensen til å bruke opphavsrettsleg beskytta materiale utan løyve.

– Å lage sample-basert musikk har blitt veldig billeg, no som alle har sin eigen data. Forbrukaren av musikk har også blitt ein produsent, og grensene har i stor grad blitt viska ut, seier Brøvig-Hanssen.

Ikkje berre amatørar
Fleire artistar har skapt seg eit namn på denne måten. Danger Mouse (aka Brian Burton) skapte furore då han satte saman Jay Z sitt Black Album med Beatles’ White Album, og laga sitt eige Grey Album. Medan Jay Z hadde lagt ut musikken sin til fri gjenbruk, forsøkte opphavsrettseigarane av musikken til The Beatles forgjeves å stogge albumet.

Andre kjende produsentar er Richard X, Mark Vidler, Roy Kerr og Soulwax.

At samtlege mashup-artistar ikkje er meir enn fans som leikar seg med musikken, er ei undervurdering, ifølgje Brøvig-Hanssen.

– Også å lage sample-basert musikk krever kunnskap og talent, men andre typar ferdigheiter enn når ein lagar musikk frå botnen. Mash-up-artisten kan eksempelvis likne på kuratoren, som samlar inn og sett saman kunst på nye måtar, forklarar ho, og legg til at fleire mashup-artistar har bakgrunn som tradisjonelle musikarar eller produsentar.

LES OGSÅ: Skrapar i overflata av norsk pop

Rebell møter pophelt
Når Slipknot vert kombinert med Bieber i «Psychosocial Baby», er det samspelet mellom dei to som er poenget. Brøvig-Hanssen meiner kombinasjonen av samples i mashup får fram noko nytt som ikkje kjem fram i låtane slik dei står for seg sjølv.

«Psychosocial Baby» er ikkje berre eit møte mellom musikksjangrar som ofte vert oppfatta som å stå langt frå kvarandre. Det er også eit møte mellom artistar som vert opplevd som svært ulike kvarandre (særleg sidan låta vart laga i 2011, då Justin Bieber framleis vart framstilt som ein uskuldig og politisk korrekt tenåringshelt).

Slipknot er eit nu-metall-band, inspirert av blant andre Black Sabbath, Led Zeppelin og Slayer. Bieber er ein popartist, inspirert av Destiny’s Child, Boyz II Men, Usher og Michael Jackson. Slipknot dyrkar ein konsertstil kjenneteikna av mellom anna urinering, masturbering, daude dyr, fysisk misbruk av seg sjølve, å kaste ting på publikum og øydeleggje utstyr. Dei åtte medlemmane i bandet ikler seg masker og kjeledressar.

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Teksten frå låta «Surfacing» illustrerer elegant korleis bandet likar å framstille sitt forhold til verda: «Fuck it all, fuck this world, fuck everything that you stand for». Bieber har derimot, inntil nyleg, framstått som ein politisk korrekt, uskuldig, høfleg, omtenksom, og audmjuk kjendis, som kunne finne på å klemme fans og reportarar, gje vekk konsertbillettar og donere pengar til veldedige organisasjonar, skriv Brøvig-Hanssen i analysen.

Ifølgje forskaren kan mashup-musikk på den eine sida forsterke våre stereotypiske førestillingar av artistar, identitet og sjangrar. Når låtane blir satt saman i mashupen, vert dei forventa ulikskapane framheva.

På den andre sida kan mashup-musikk undergrave eller nyansere dei stereotypiske førestillingane vi har om artistane. I mashupen kan uventa likskapar kome fram, og overraskande nok smeltar den tilsynelatande svært ulike musikken saman til ei harmonisk eining.

Mash-up-artisten er kreativ på nye måtar
Mashup-musikk kan verke støtande dersom musikken vert tolka som å gjere narr av éin av artistane. Fleire Slipknot-fans har til dømes uttrykt avsmak for mashupen «Psychosocial Baby». Andre ser på låta som humoristisk underhaldning. Ifølgje Slipknot-vokalist Corey Taylor sjølv, er låta «fucking hilarious».

Eit tredje alternativ er å sjå på mashups som kritiske kommentarar.

– Sjølv om det humoristiske aspektet ved mashup kanskje er det mest framtredande, kan mashup også av og til seiast å utfordre etablerte kategoriar, som seriøst og leikent, svart og kvit, mainstream og underground, og høg- og lågkultur.

Ved å setje låtane saman, skapar mashup-artisten nye meiningar av gamle verk.

– Det kreative og innovative ligg i korleis mashup-artisten set i gang ein prosess i lyttaren med å assosiere artistar ein elles aldri hadde tenkt på i samanheng. Svært mange let seg fascinere av å høyre noko ein har høyrt mange gongar før, men no i ein heilt ny setting som gir heilt ny meining, seier Brøvig-Hanssen.

LES OGSÅ: Eksorsisme fascinerer og sjokkerer

Faktaboks

Kjelde: «Justin Bieber Featuring Slipknot: Consumption as Mode of Production», 2016, av Ragnhild Brøvig-Hanssen, frå boka Music and Virtuality, Oxford University Press.