Martin A. Fernø og Michaël Tatham vert begge skildra som banebrytande forskarar med internasjonalt gjennomslag.

mm

8. mars fekk Martin A. Fernø og Michaël Tatham Meltzerprisen for unge forskarar. Begge er tidleg i trettiåra, men har alt klart å setja spor etter seg i norsk og internasjonal forsking.

Fernø trur at å lukkast som ung forskar krev at studentar vert involverte i vitskaplege nettverk, og at dei unge forskarane kan delta aktivt i forskinga, gjennom forskingsopphald hjå internasjonale samarbeidspartnerar og deltaking på internasjonale konferansar.

– Eg trur det å få ansvar i ung alder er avgjerande, då vil unge oppleva at rettleiarar og professorar satsar på dei, seier Fernø i ei pressemelding frå UiB.

Flaks
Tatham meiner at unge forskarar først og fremst lukkast gjennom hardt arbeid, men hell er også ein faktor.

– Ein må arbeida hardt, vera sta og vera uthaldande. Det pleier å gå bra, vi forskarar arbeider stort sett med saker vi interesserer oss for. Men når ein sender inn artiklar til vitskaplege tidsskrift med høg avslagsrate eller søkjer på støtte frå store forskingsprogram, då speler hell ei rolle. Eg har aldri møtt nokon med suksess som ikkje var heldige i tillegg, seier Tatham som er tilsett ved Institutt for samanliknande politikk.

Betre lagring av CO2
Martin A. Fernø er førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi, og har mellom anna utmerkt seg med forsking som kan skapa ein meir berekraftig fossil energiproduksjon gjennom reduksjon av CO2-utslepp og lagring av CO2. Han er tilknytta Forskningsgruppen i petroleums- og prosessteknologi ved instituttet og forskingsaktiviteten reservoarfysikk, ein av gruppa sine to hovudaktivitetar.

I mars 2015 lanserte Fernø og kollegaer forsking som brukar skanning-teknologi frå sjukehus til å gjera lagringa av CO2 betre.

Fernø ser fram til ei karriere som forskar, og vil bidra til teknologiske løysingar for energiproduksjon, både med berekraftig bruk av fossilt brensel og eit auka fokus på fornybare energikjelder.

– Verda treng energi, også i framtida. Eg trur tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av etablerte faglinjer blir viktig i framtida for å sikra verdas energibehov, seier prisvinnaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE