Ein velfrisert blodfeminist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blodfeministen

– Som feminist treng eg ikkje ha ei granbarbusk under armane og eføytiss. Eg kan heilt fint ha ein superfrisert vulva og lika å liggja med menn. Og eg kan heilt fint gå på byen i 11 centimeter høge hælar, drikke cocktails og fnise, og framleis vere feminist.

Samfunnsdebattant og bloggar Linn Winsnes Rosenborg kallar seg sjølv «blodfeminist», men meiner det er på tide å modernisera kva omgrepet feminisme står for.

DEBATT: «Eg(o) treng ikkje feminisme»

Frå bh-brann til miniskjørt
Berre 11 prosent av nordmenn kallar seg feministar. Det viser ei undersøking gjort av Norstat på oppdrag for produksjonsselskapet Funkenhauser, som vart gjort for nokre år tilbake. Ikkje overraskande er det flest feministar som er kvinner, busette i Oslo, SV eller Raudt veljarar og har høgare utdanning.

Du kan lese meir og sjå alle tala nedst i denne ytringa frå Ellen Engelstad, kulturredaktør i Manifest.

Rosenborg veit godt at det er mange kvinner i dag som ikkje identifiserer seg som feministar, noko ho tykkjer er trist. Likevel er ho ikkje overraska.

Ho har sjølv nære venninner som meiner at det ikkje er behov for feminisme lenger. Dei forbinder det gjerne med bh-brenning på 70-talet.

– Eg meiner at me står ovanfor ein heilt anna kvinnekamp no, samstundes som det framleis er ein kvinnekamp. Eg meiner at feminisme er å vere for like rettar for alle. Feminisme i dag har mange likskapstrekk med tidlegare feminisme, men det er på tide å modernisera kva omgrepet symboliserer.

Rosenborg meiner at feminisme handlar om at ingen andre skal definere kva ein er og at ein ikkje prakkar på jenter eller kvinner ein mal for kva det vil seie å vere kvinne.

– Der ein tidlegare brann bh-ar, kan vårt tids kvinnekamp vere å få gå på byen i korte skjørt, utan at det er forventa at ein skal smile om ein blir klappa på rumpa. Eller at ein i arbeidslivet skal sleppe sexistiske kommentarar frå sjefen på ein lønningspils og måtte ta det, for ikkje å verte kalla prippen.

Ho meiner dette er verkelege problem i dagens samfunn, som vert hysja ned og avvist.

Ikkje minst er ho oppteken av debattklimaet mot kvinner, som ho meiner absolutt er ei sak for feministane.

Rosenborg meiner at ein må jobba haldningsskapande og ta i bruk straffetiltak og bøter for å koma netthetsen til livs

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

Reservasjonsrett og sexkjøp
«Kva er feminisme for deg?» spør den engasjerte 32-åringen.

Ho trur grunnverdiar som likelønn, likestilling og likeverd vil stå i botnen for all feminisme, men utover det kan det variera kva parole ein vil stilla seg bak i 8.mars-toget.

For to år sidan var det rekordstort oppmøte i 8.marstoget på grunn av det omstridde forslaget til ny reservasjonslov. «Forsvar abortloven –nei til reservasjonsrett!»var ein samlande parole.

I forkant av markeringa av årets kvinnedag har debatten rast rundt kvinnegruppa Ottar og liberale feministar i Unge Venstre sine ulike ståstadar når det kjem til sexkjøpslova.

Kvinnegruppa Ottar stiller seg bak parolen «Håndhev sexkjøpsloven – fleire og betre hjelpetiltak». Då to Unge Venstre-medlemmer tok til motmæle mot parolen, svara Kari Jaquesson at dei burde ta seg ein studietur til Belgia og Tyskland og «prøve å suge pikk ti ganger i døgnet et helt år for å se hvor gøy det er å selge sex,» ifølgje Radio Nova sine lydopptak frå det omstridde parole-møtet.

– Eg har ein ven som meiner at feminismen er daud på grunn av Ottar – at Ottar har øydelagt feminismeomgrepet. Eg er ikkje einig i det i det heile. Eg er ikkje Ottar sjølv og har ikkje stått på barrikadane på den måten, men eg synest det vert for enkelt å berre avfeia den jobben som er blitt gjort, seier Rosenborg.

Ho er ikkje i tvil om at mange set feminisme i ein bås, men peikar på at det finnes mange fleire stemmer enn dei me vanlegvis høyrer.

Samfunnsdebattanten skulle gjerne sett at det ikkje berre var ytterpunkta som styrte debatten.

– Kan me ikkje gje ei stemme til dei som er litt i mellom?

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Superpenis
Rosenborg trur det er veldig i vinden å vere for eller imot feminisme. Sjølv merkar 32-åringen at ho ikkje passar inn i den båsen mange kallar feminist. Det kjem fram når ho fortel historia om at ho som singel 32-åring diverre ikkje greip sjansen til å liggje med ein «superpenis».

Førre gong historia vart delt fekk ho høyre: «Kan du snakke sånn då? Er ikkje du feminist?»

– Jo, og nettopp difor kan eg snakke slik. Eg har like stor rett til å snakke om at han i England hadde superpenis og at eg skulle ynskje at eg hadde pult han, som du har til å kommentere puppene til ho som nettopp gjekk forbi. Men så er det framleis nokon som heng igjen i den der: «Jammen, du er feminist. Du likar jo ikkje menn», seier Rosenborg.

Ho tykkjer historia illustrerer dei mange motstridande haldningane som er der ute.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente!»

Kven tek rekninga?
Og ho synest å sjå eit feministisk paradoks, der me vil ha det likt, men framleis er litt tradisjonelle i tankegangen. Dette kjem til uttrykk i datingkulturen, der nokre kvinner framleis ventar på at mannen tek initiativ.

Og så er det problemet med rekninga. Sjølvsagt synest ein sjølverklært blodfeminist at det er kjekt om ein fyr spanderer middag på ho, men han treng ikkje gjere det kvar gong.

 – Om eg er på date med ein ny fyr og han får rekninga og utan å sjå på meg seier til kelneren at me deler han i to, så er det ein liten del av meg som seier: «Er ikkje det litt rart?» Samtidig synes eg det er litt flaut om han berre seier; «eg tek han». Då vert eg litt fornærma, småler Rosenborg.

Faktaboks

Feminisme i ordboka

Feminisme, eit system av idear om kva kvinnelegheit/femininitet er, om korleis seksualitet definerer kjønnsidentitet, og om korleis dette vert endra.

Feminisme er ein kritisk ideologi som kan leggjast til grunn for politisk handling, der målet er å endra skeiv maktfordeling mellom kjønna.

Kjelde: SNL