Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

2002: Omsettar, forfattar, kåsør og litteraturkritikar Ivar Eskeland 

2003: Politikar, historikar og teolog Berge Furre

2004: «Hallo-dame» Ragnhild Sælthun Fjørtoft

2005: Radiomann Bjørn Bø 

2006: Musikar Sigmund Groven 

2007: Samferdselsminister Liv Signe Navarsete 

2008: Skiskyttartrenar Audun Svartdal 

2009: Nina og Øystein Rudi, vertskap på Rudi Gard i Sør-Fron i Gudbrandsdalen 

2010: Visesongar Odd Nordstoga

2011: Radiojournalist Astrid Brekken

2012: Nyheitsanker i NRK Ingvild Bryn

2013: Artist Herborg Kråkevik     

2014: Kvedar Sondre Bratland

2015: Firmaet Lerum AS

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Prisen går til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

LES OGSÅ: Kalvø med årets førestilling

«Storegut» i underhaldningsverda 
Storegutmeiner at Are Kalvø syner at nynorsk er eit språk for vår tid, like godt som noko anna til humor og satire, til skjemt med snert og uhøgtidleg alvor.

«Stilen hans styrkjer omdømet til nynorsk generelt, og ikkje minst lyfter Kalvø fram nynorsken i krinsar og på arenaer der den til vanleg ikkje rår grunnen. Kalvø er av dei beste, ja ein «Storegut» i underhaldningsverda –  på sitt felt ein moderne Aa. O. Vinje.»

Dette skriv Odd Nordstoga i pressemeldinga frå Litteraturdagane i Vinje.

LES OGSÅ: Ti minutt med Are Kalvø

Utdeling 27. august
Prisen har fått namn etter diktsamlinga Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje.

Laurdag 27. august kjem Are Kalvø til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på Litteraturdagane i Vinje.  

Prisen er ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen.

Sjå video frå Odd Nordstoga om tildelinga:

 

Storegutpris. Pressekonferanse.

Posted by Odd Nordstoga on 7. mars 2016

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE