Leif Tore Sædberg/Jærbladet
Leif Tore Sædberg/Jærbladet

Denne saka var først publisert i Jærbladet!

Han er ikkje transvestitt, men synest kvinnemoten er finare og meir attraktiv. Nå vil ikkje Nino Bakker Brudeset lenger skjula kven han eigentleg er.

Bustaden er utanfrå heilt lik dei som ligg til venstre, til høgre, over og under i komplekset på Bryne.

Men innanfor bur ein person som truleg skil seg klart frå dei andre naboane.

Den 27-årige mannen tar i mot oss ikledd mørk, streit dongeribukse og t-skjorte.

Men etter nokre minutt på soverommet – med ein garderobe dei fleste motemedvitne kvinner ville misunna han – dukkar Nino Bakker Brudeset opp i høghælte sko, strømpebukse, blått skjørt og tilhøyrande genser.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

– For meg er det rett og slett meir attraktivt og spennande å gå med kvinneklede. Meir utval, meir fleksibilitet, seier Nino, til dagleg elektrikar i Time Elektro.

Ikkje homo, ikkje transe
Nei, han er ikkje homo. Nei, han er ikkje transvestitt. Nino har identitet som mann og blir tiltrekt av kvinner. Men liker i tillegg å ha på seg kleda som det vanlegvis er berre kvinner som får gå i. Han er det som blir kalla ein cross-dresser.

– For min del er ikkje dette ein indre lengt, heller noko som har kjentest naturleg ut frå ung alder. For å setja det på spissen: Kvifor skal kvinner kunna ha på seg kva som helst, medan menn må ha den kvite skjorta og dressen? Eller dongeribukser, som ser heilt like ut, uansett modell.

– Korleis merka du denne dragninga første gong?

– Ifølgje mor mi var eg tre år gammal då eg var i skuffa hennar, henta fram strømpebuksene hennar og tok dei på. Eg meiner å hugsa det, i tillegg til at det har blitt fortalt meg. Og framleis er strømpebukser noko av det eg er mest «avhengig» av. Då eg var fem-seks, slo eg meg vrang i ein skobutikk, fordi eg hadde sett meg ut eit par raude lakksko for jenter. Eg nekta å gå før eg fekk dei. Faktisk er det få ting eg hugsar frå barndommen, men desse episodane er klare for meg. Truleg fordi dei handlar om sterke ønske.

LES OGSÅ:Kva kjønn er du?

Har levd i skjul
Han følte seg utanfor allereie i barneåra, men kjente lite til trangen om å leva ut interessa før i tenåra. Frå 12-13-årsalderen vaks interessa for klede og mote, og unge Nino blei ein del av skate-kulturen på Sandnes, der utstyr og ikkje minst klede var viktige.

Eigentleg ville han gå med jenteklede, men skate-stilen gjorde i alle fall at han fekk uttrykt identiteten til ein viss grad. Han prøvde å passa inn, samtidig som han fann eit alternativt miljø. Men i lengda var det ikkje nok.

– 14-15 år gammal tok eg opp saka med foreldra mine. Dei spurte om eg kjente meg som ei jente, noko eg sa nei til. Eg har alltid identifisert meg som gut, og som mann i dag, og kjem truleg til å gjera det framover.

18 år gammal kom han så over definisjonen «cross-dressing» på internett. Og kjende seg endeleg heime.

LES OGSÅ: Litt ærligare enn ein tør

– På eit vis var det ein lettelse. Viss eg fortalte det til nokon, var det lettare når eg hadde eit namn, ei nemning å visa til. For eg er ikkje homofil, og ikkje transe, som mange ofte har spurt om. Eg liker berre å kle meg i kvinneklede, med ujamne mellomrom. Kvar dag i nokre periodar, andre gonger sjeldnare.

Blei mobba for stilen
Kanskje var det lurt å venta med å stå fram, for Nino blei erta og mobba for langt mindre, frå like før tenåra. Han ville skilja seg ut i skate-miljøet, med skarpare og meir uvanlege fargeval, noko mobben visste å ta tak i.

Familien flytta tilbake til Bryne, delvis på grunn av mobbinga. Interessa for jenteklede kom tilbake, og ungguten fekk eit nytt miljø med nye vener. Enn så lenge.

– Eit par år gjekk, før eg byrja å trekkja meg tilbake. Problemet var å sleppa folk tett innpå meg, i frykt for at dei skulle oppdaga den eigentlege meg. Dei blei kjent med ein som ikkje var meg. Ikkje akkurat eit liv i løgn, men eit lukka liv. Eg har vore, heilt fram til nå, vore påpasseleg med kva eg seier og viser. Skyvd folk vekk, rett og slett. Så eg har svært få vener i dag. Når ein har ei side som dette, er det vanskeleg å vita korleis ein skal få sagt det til folk.

Ei gradvis åpning
Fram til nyleg var det berre foreldra og dei to brørne som visste om Ninos skjulte liv, og skjørt og høge hælar våga han berre å ta på seg heime. Vener på internett og fleire utanlandsreiser, særleg ei lengre til Japan for tre år sidan, blei mindre og større pusterom.

I utlandet våga han å kle seg i kvinneklede og snakka meir om identiteten sin, og i auka sjølvtillit etter Japan-turen innvia han nokre få kollegaer i løyndommen. Men når over 30.000 Jærbladet-lesarar har sett desse bileta, er det ingen løyndom lenger.

– Kvifor vil du stå fram på denne måten?

– To grunnar: For det første vil eg opplysa folk om at slike som meg finst – at ikkje alle er A4. Og at ein ikkje treng vera homo, lesbe eller transe for å ha ein annan klesstil. For det andre at eg ønskjer å frigjera meg sjølv og vera den eg er frå nå av. Eg kan gå kledd utandørs akkurat slik eg vil. Når alle veit, treng eg ikkje forklara meir. Om folk er positive eller negative, er hipp som happ. Men mest sannsynleg vil dei fleste synast dette er tøft og kult. Dessutan har eg allereie såpass mange folk i ryggen, som seier at eg ikkje treng bry meg om kva folk synst.

LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom

Eit einsamt liv
– Korleis har det vore å leva med ei slik interesse?

– Ikkje enkelt. Og dyrt er det i alle fall. Særleg sko. Eg har jo dobbelt opp av alt – både herre- og damemodellar … Elles er det eit einsleg liv, eg kjenner ingen andre som har det slik. Og eg har ikkje hatt så mykje behov for å møta andre i same situasjonen – eg har hatt behov for å bli akseptert som den eg er av den vanlege mannen i gata.

– Har det vore einsamt?

– Klart det. Veldig einsamt. Men eg har vent meg til det. Difor har eg reist mykje dei seinare åra, for å finna nye miljø. Eg veit eg sjølv har trekt meg tilbake frå folk, skyvd dei unna. Og vil gjerne ta opp igjen fleire venskap, nå når folk veit.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

Kjærleik og familie
– Korleis er det å skaffa seg og å ha kjærast når ein har ei slik interesse?

– Eg hadde ein kjærast for nokre år sidan, som eg fortalte det til. Det gjekk greitt, ho var positiv, ikkje noko stress. Men den gong var aktiviteten på eit nokså moderat nivå. Etter at det blei slutt – av heilt andre grunnar – slapp eg det heilt fritt. Enkelte damer seier at dei «kunne ikkje vore saman med ein som var sånn!», men det er nok ikkje vondt meint – dei synest berre det ikkje er tiltrekkjande. Det er nok lettare å få aksept hjå homofile menn eller bifile kvinner, for dei er meir alternative. Men for all del; mange heterofile gir òg tommel opp.

– Kva tenkjer du om å få familie og barn?

– Eg har eigentleg sagt at eg har veldig god tid i høve til det. Har mykje å gjera før den tid. Eg føler eg ikkje byrja å leva før eg var i Japan for nokre år sidan, så eg har mykje å ta igjen.

– Kva er håpet ditt for framtida?

– At folk kan godta meg sjølv om eg ikkje er heilt innanfor normen. Eg vil ikkje tvinga meg på nokon, men ønskjer å få gå i dei kleda eg kjenner meg komfortabel i, utan at nokon kjem med negative tilbakemeldingar. For meg er ikkje antrekket eg har på meg nå MEIR naturleg enn dongeribukse og flate sko. Men det er LIKE naturleg.

LES OGSÅ: – Eg vil ha eggstokkar og vera mann

Dette seier ekspertane
Esben Esther Pirelli Benestad er lege, spesialist i klinisk sexologi og professor i sexologi ved Universitetet i Agder. Her svarer han Jærbladet på fem grunnleggjande spørsmål om cross-dressing.

– Tradisjonelt sett skildrar ordet å ta på seg klede som vanlegvis tilhøyrer eit anna kjønn. Ein kryssar ei kjønnsgrense, derav namnet – cross-dressing.

– Kvifor gjer ein det?

– Motivet eller drivkraften er forskjellig. Ein kan rett og slett gjera det fordi det er morosamt, gøy – og ferdig med dét. Så har me nokre som er så gode at dei tenar pengar på det, som gjerne går under nemninga «drag.» Så har me dei som gjer det primært fordi dei blir kåte av det. Og så er det dei som gjer det fordi det stadfestar identiteten deira – som ei 17. mai-sløyfe på 17. mai.

– Kor utbreidd er det?

– Eit veldig morosamt spørsmål. I 2014 blei det gjort ei undersøking blant seine tenåringar (17-19 år) i New Zealand, der over 8000 personar blei spurt. Her skulle dei blant anna definera seg sjølv som kjønn, og hadde alternativa «mann,» «kvinne,» «transperson» eller «veit ikkje» å velja mellom. 1,2 prosent svarte «transperson,» 2,5 prosent svarte «veit ikkje.» Så dette er ikkje noko sjeldant fenomen; alle som definerer seg som transperson vil per definisjon cross-dresse. Godt nytt for alle som sel klede …

– Men framleis er det tabubelagt?

– Ja, delvis fordi det er sjukeleggjort. Psykiatrien har til alle tider kasta ut kategoriar ein ikkje har bruk for. Denne mannen de har intervjua, er eit modig menneske, som gjer ein viktig samfunnsinnsats. Han viser at «dette kan eg stå for!» og er dermed eit eksempel for andre. For løyndommar er tunge å bæra.

– Er cross-dressing like mykje identitet og estetikk som seksualitet?

– Som nemnd er motivasjonane for cross-dressing ulike. Kva slags kjønn personar blir tiltrekt av, går i alle retningar, og er uavhengig av om ein driv med denne aktiviteten eller ikkje. I fagspråket snakkar ein til dømes om ein heterofil mann som ein gynefil person, altså at han er tiltrekt av kvinner. Fordi det seier noko om kva personen er tiltrekt av – kvinner – men ikkje kva kjønn personen har.

Ikkje direkte kopla til kjønn
Marte Andersen Jacobsen, privatpraktiserande sexolog i Sandnes opplyser at cross-dressing har blitt brukt til forkledning, komfort og sjølvrealisering både i moderne tid og opp gjennom historia.

– Det blir ofte antatt at tydinga er direkte korrelert med atferd av transseksuelle personar og homoseksuell åtferd. Men sjølve omgrepet innebærer ikkje nokre motiv, og er ikkje synonymt med kjønnsidentitet, stadfestar Jacobsen.

Ho presiserer at grensene for kva som kan kallast cross-dressing, kan vera vanskelege, mellom anna i høve til om utøvaren er mann eller kvinne.

– Kvinner som tar på seg skjortene til mannen sin kan vera sexy (og blir ofte brukt i filmer), medan menn som brukar kjolar er meir skambelagt. Det er ikkje det samme tabuet for kvinner å gå med mannsdominerte klede, dette er sosialt akseptert i norsk kultur, mens for menn er dette fortsatt tabubelagt. Noko som gjer det vanskelig å gi konkrete tal over utbreiing.

Stort spenn
Jacobsen fortel at emnet har stor spennvidde i høve til både seksualitet, estetikk og identitet.

– Her har me dei transseksuelle, til dømes drag queens, som har det som ein sterk identitet, til dei som eksperimenterer på soverommet og at dei tenner på partneren med cross-dressing. Til dei heilt i andre enden – som har på seg mannen si skjorte og føler seg sexy – og ikkje har det som ein identitet. Nokre tar dette ut i det offentlige rom og kan bruka det som opprør eller for å sjokkera, medan andre bruker det som eit krydder i sexlivet og eksperimenterer med det på soverommet, seier sexologen.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Kristin Fridtun

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE