Odins nyttige idiotar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Rutinen er blitt keisam. Ein eller annan stad i Europa tek ei ny gruppering islamfiendtlege innvandringsmotstandarar til gatene med flagg eller uniformer. Kort tid seinare står Ronny Alte fram som talsmann for ein norsk avleggjar. Så blir det stor ståhei i nokre veker før rørsla er splitta og Ronny Alte blir sparka ut. Massedemonstrasjonane som var varsla, skrumpar til ei handfull stakkarslege typar med norske flagg og tafatte rop om at dei er Folket. Ofte på plassar og torg så store at dei ser ekstra få ut.

Det skjedde med Norwegian Defence League, ein avleggjar av English Defence League. Det skjedde med norske Pegida, avleggjar av tyske Patriotische Europäer gegen die Islamisierung des Abendlandes. Og det skjedde med Soldiers of Odin Norway, ein avleggjar av finske Soldiers of Odin (av ein eller annan grunn er ikkje norske nasjonalistar så opptekne av å verne om det norske språket, og det ser ikkje ut til at finske nasjonalistar er så opptekne av det finske).

LES OGSÅ: Oda vil ikkje bli brukt av Odins soldatar

Dei 15 minutta odinsoldatane fekk i rampelyset, resulterte i store oppslag i lokalaviser over heile landet og blei gjenstand for stor interesse i riksmedia. Dei fleste artiklane og tv-innslaga omfatta påfallande like bilete av ein gjeng bortvende menn med svarte hettegenserar, tekne i kveldsmørkret.

Sjølv om dei sjølvoppnemnde beskyttarane av offentleg ro og orden hadde teke til gatene for å påverke politikken, fekk dei lov til å vere anonyme. Pressa respekterte at folk som vil forby niqab, sjølve fekk skjerme andleta. Dermed kunne publikum heller ikkje sjekke om det var dei same folka som drog frå by til by og utgav seg for å vere lokale, om dei var Tordenskjolds soldatar like mykje som dei var Odin sine.

Faktasjekken blei som oftast utført i ettertid. Ronny Alte og dei andre såkalla talsmennene for «rørsla» fekk uhindra seie ting som ville blitt avslørt som bløff eller feilinformasjon gjennom eit enkelt søk i arkiva. Alte rakk akkurat eit stort og påfallande ukritisk intervju i Aftenposten før han blei sparka ut, og Steffen Larsen, Odins neste løytnant, kunne stå fram i VG. Der hadde journalisten heldigvis gjort heimeleksa og strippa han raskt for alle lånte fjør. Då Larsen forsikra at ingen kriminelle får vere med i Odins soldatar, blei han konfrontert med kor ofte han sjølv dukkar opp i domsregisteret. Då han sa at alt slikt er historie, konfronterte journalisten han med kor fersk den siste dommen er.

LES OGSÅ:Fosse vil ta Odin tilbake frå dei høgreekstreme

Journalistar går fort i baklås når nokon fortel oss at det er lov å vurdere konsekvensen av å gjere ting større enn dei er. Det ligg i DNA-et til faget at vi blir trekte mot det kontroversielle og derfor vel den minste usemje framfor den største semje.

Vi nektar å innsjå at denne mekanismen er kjend også for dei som vil framstå langt mektigare enn dei i røynda er. Dei spelar på at vi ukritisk lèt oss fasinere av dramatikken, spesielt den visuelle. Derfor sender dei ikkje innlegg om at gatene må bli tryggare. Dei kjøper inn uniformer, ventar til det blir mørkt, og ringer redaksjonen. Når fotografen kjem, set dei som vilkår at dei ikkje skal bli identifiserte – og deprimerande nok går journalistane med på kravet. Vi tek regi der vi burde ha teke kontroll.

Hadde journalistane starta med å sjekke identiteten, ville dei raskt oppdaga at det var «the usual suspects» som no hadde fått hettegenserar. Odins soldatar var berre nok eit salsframstøyt frå ei lita gruppe importørar av utanlandsk framandhat.

Historia til Norwegian Defence League og norske Pegida burde ført til ei meir forsiktig tilnærming enn store oppslag om eit nytt, landsdekkjande borgarvern. Det er synd å seie det, men endå ein gong spelte norsk presse dei korta dei fekk av Ronny Alte og dei svært få medsamansvorne hans.

Først publisert på ndla.no under CC-BY-SA-lisens