Facebookdronning er Årets nynorskbrukar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Face-dronning er Årets nynorskbrukar

Martine Røstad Sand (26) har æra for at nynorsk er eit av meir enn 100 menyspråk i Facebook. Nyleg omsette ho også dataspelet  «Skuggemeisteren», som den første nynorskversjonen av eit Nintendo Wii U-spel. Ho har også omsett programvare for operativsystemet Ubuntu.

LES OGSÅ: Første Nintendo Wii U-spel på nynorsk

No er ho kåra til Årets nynorskbrukar 2016, av Nynorsk kultursentrum.

Sand får prisen for sin eineståande innsats i arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngjevinga.  

– Eg er svært overraska og glad over å bli tildelt denne prisen, seier Sand i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

– Nynorsk har betydd veldig mykje for meg, og det er fint å sjå at arbeidet eg har lagt ned for å synleggjere det språket eg elskar, blir lagt merke til av andre.

Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 23. juni.

LES OGSÅ: Facebook-dronninga