Eliminerte seg fram til Jølster

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er produsert av Framtidsfylket.

– Vi brukte eliminasjonsmetoden på Norgeskartet, og fann ut at Jølster var draumestaden. Godt klima, fantastisk natur og fin pendlaravstand til alle delar av Sogn og Fjordane. Ved å bu på Skei kan vi finne oss jobbar i Sogndal, Førde og på Sandane. Heilt perfekt, seier Maria.

Paret deltok i går på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo, for å sondere jobbmoglegheitene i fylket. Med ti års studium på universitetet kan ho skilte med lektorutdanning, samt innan botanikk og arkeologi. Vebjørn har bakgrunn som snekkar, samtidig som han studerer nordisk språkvitskap på universitet i Oslo. Jobben skal nok komme, trur dei.

– Å flytte til Sogn og Fjordane har blitt fellesprosjektet vårt, og vi ser eigentleg berre moglegheiter. Vi er unge og har eit ønske om å prøve noko nytt. Vi gler oss til å fiske ørret og vere tett på fjell og fjord. Søndagstur i kø i Nordmarka kan ikkje akkurat måle seg med ein skikkeleg fjelltur, smiler Maria.

Genuint velkomne
Ingrid Austrheim Bratten (27) og Endre Fure Bortne (27) er frå Førde og Florø, og er begge på utkikk etter jobbar i heimfylket.

– Som sjukepleiar trur eg ikkje det vert noko problem. Vi er her mest for Endre sin del – for å sjå kva som finst av alternativ, seier Bratten.

LES OGSÅ: No kjem Wordfeud på nynorsk

Bortne jobbar i dag som samfunnsøkonom i NETS, men er klar for å vende nasa vestover.  

 – Det er mange fleire verksemder enn eg hadde trudd som er relevante for meg. Eg er også imponert over korleis bedriftene brukar nettverket sitt. At dersom ikkje dei har ein jobb, hjelper dei oss fram til andre – sjølv om dei kanskje er konkurrentar. Det hadde ikkje skjedd i Oslo. Vi kjenner oss genuint velkomne, for å seie det mildt, seier Bortne.

Langsiktig rekrutteringsarbeid
Over 200 deltakarar deltok på karrieremessa i Oslo i går kveld. Messa vart arrangert på festlokalet Ballroom – drive av gaulværingen Linn Ness. 21 verksemder hadde teke turen til hovudstaden.

– Det har vore fullt trøkk på standen vår i heile kveld, samtidig som vi fekk tid til å snakke skikkeleg med kvar einskild. På den måten har karrieremessene ein viktig funksjon. Det er lettare å nå fram i søkjarbunken, når vi allereie har hatt ein god prat i forkant, seier Merete Juel i Fjord1.

Ho får støtte av Beate Grønnevik i Maritim Forening.

– Eg tykte det var fleire relevante deltakarar i år enn tidlegare. Vi hadde svært mange som kom og spurte om spesifikke verksemder, kontaktpersonar og fagområder. Det var tydeleg at dei hadde gjort researchen sin på førehand, seier Grønnevik.

Oslo er klart den minste messa, men har ofte eit meir modent publikum. Kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Anne Mette Hjelle, understrekar viktigheita av messa som ein sosial møteplass mellom næringsliv og potensielle tilflyttarar.

– I dag kom to av døtrene mine saman med 20 vener. Dei har framleis nokre år igjen med studium, men så er dei kanskje klare for å vende tilbake. I rekruttering er synlegheit over tid noko av det viktigste. Karrieremessene er ein fantastisk møteplass, der ein kan bygge relasjonar til ungdommane over tid. Sjølv om ein ikkje har akutte rekrutteringsbehov, er det viktig å vise at ein finst, og at ein kan vere eit alternativ i framtida, seier Hjelle.

LES OGSÅ:«Hei du, min heimstad – din gamle sadist»