«Kanskje hadde det vore bra med litt meir reglar»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er på skulen 12 timar kvar dag

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Etter seks månader i Noreg fortel japanske Ayato Kida (17), nesten på kav ørsting, om kvifor han ville ha eit år på vidaregåande skule, fleire hundre mil frå hans eige kvardagsliv i Tokyo. At han hamna i Ørsta var tilfeldig, men han er nøgd med å ha fått vere ein del av familien til Patricio Medina dei siste månadene.

– Det er store kontrastar mot korleis eg er van med å leve. I Tokyo må eg til dømes ta tre tog berre for å kome meg til skulen, og der har vi gjerne 12 timarsdagar. Vi har skule på laurdagane også, fortel han.

Han vert avbroten av telefonen som ringer. Det er vertspappa Patricio som lurer på om han kan skru på steikeomnen så han er klar til middagen skal på.

LES OGSÅ: Vanskeleg å få norske vertsfamiliar

Italia heim i stova
– Dei er som heilt vanlege familiemedlemer, kommenterer Gunnar Knutsen.

Han er vertspappa til Elena Carrieri (17) frå Milano i Italia. Han vil gjerne at fleire får auga opp for moglegheita som ligg i å ha ein utvekslingselev buande hos seg eit år, der du får servert ein ny kultur heime i di eiga stove, samstundes som du kan lære vekk og vise fram det norske.

– Det er svært givande, og vi ser også føre oss at vi skal halde kontakt med Elena også i framtida, seier han, og får eit stadfestande ja frå Elena sjølv.

– Eg skal absolutt tilbake.

Ho ville gjerne til Skandinavia for å oppleve naturen. Klimaet og mørketida hadde ho ikkje teke med i rekninga, og vinteren har vore lang.

– Det var tungt når det var mørkt om morgonen og mørkt når eg skulle heim frå skulen, innrømmer ho.

– Det er nok snø no. Eg håper på ein fin vår, seier ho.

Ho rosar likevel vertsfamilien sin for at ho har hatt eit godt opphald. Dei har teke henne med både til Bergen, Trondheim, Ålesund og Molde. Elena ønskjer å sjå mest mogleg medan ho har sjansen. I juni er opphaldet over, og då skal ho tilbake til kvardagslivet i Italia.

LES OGSÅ: Tredobling av utvekslingselevar frå Noreg

Kald, norsk sommar
For Natchamon Kulchol (17), kalla Looknam, frå Thailand har opphaldet så langt også vore bra. Ho bur heime hos Herman og Åse-Janne Urke.

– Eg høyrde mykje bra om den norske skulen og om det norske samfunnet, så difor ville eg prøve å vere her eit år, fortel ho.

Også for henne har klimaet vore ei utfordring.

– No er eg van med det, men då eg kom hit i fjor då det var «sommar» og 20 grader. Det var kaldt!

Dei tre ungdomane er i Noreg gjennom AFS, som er verdas eldste og største utvekslingsorganisasjon. I Noreg reiser det kvart år rundt 250 norske ungdomar på utveksling gjennom organisasjonen, og samstundes kjem det om lag 150 utanlandske elevar til Noreg årleg.

LES OGSÅ: Reiser til USA for eit år på High School

Dialekttrøbbel
– Språket har vore det vanskelegaste, for eg er ikkje så god i engelsk, fortel Ayato.

Han har teke utfordringa på strak arm, og ved å engasjere seg også i fotball, lærte han seg fort å snakke norsk, eller ørsting.

– På eit treff med andre AFS-studentar hadde folk problem med å forstå meg fordi eg snakkar dialekt, ler han.

Elena skulle ønske at norske ungdomar var meir opne.

– Det har vore vanskeleg å verte kjend med folk. I starten var det spesielt vanskeleg, og det hadde nok mykje med språket å gjere. Eg er glad for at skulen ikkje er så streng her, fordi eg trengde mykje hjelp i starten. All undervisning er jo på norsk, seier ho.

– Men kanskje hadde det vore bra med litt meir reglar. Det er veldig fritt her.

LES OGSÅ: Valde Tyskland framfor strandliv

Ballett, fotball og synkronsymjing
Looknam har funne seg til rette også på fritida, med ballettimar. Ayato spelar som sagt fotball. Og Elena?

– Eg driv med synkronsymjing, fortel ho.

– Og miljøet der er nok ikkje så stort i Ørsta, erfarer Gunnar Knutsen.

Men ting går seg ofte til. Elena har fått vener, og trenar saman med folk frå klassa. Ho kjenner likevel litt på heimlengten.

– Eg gler meg til å kome heim. Eg saknar sjølvsagt familien min.

– Ville du anbefalt eit slik opphald til venene dine?

Elena dreg litt på det.

– Opplevingane står kanskje ikkje akkurat i kø med eit slik vêr som vi har no, skyt Gunnar Knutsen inn.

– Men ja. Eg trur eg ville ha anbefalt det til andre, viss dei var like heldige som meg og fekk ei slik kjekk vertsfamilie!