Kan vera slutten på monstermaster

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sonen min Per Oddmund, som er avdelingsleiar i Bergen, fekk ideen medan han kvilte middag ein dag, fortel dagleg leiar i LOS Elektro, Jakob Særsten, til Bømlo-nytt.

– Eg såg føre meg ein gammaldags spark med to skjener som ein drog etter seg. Så sprang eg ut i verkstaden og laga ein prototype, fortalde Per Oddmund Særsten til næringslivsavisa på nett syslagrønn.no. Det var syslagrønn.no som torsdag melde at LOS Elektro er i ferd med å utvikla ein heilt ny metode å strekkja kraftkablar på.

Det er like enkelt som det er genialt. I staden for å strekkja kablar over eller rundt fjell og knausar ved å festa dei i store, såkalla monstermaster, borer ein hol vers gjennom fjellet og dreg kabelen gjennom. Ideen unge Særsten kom på var måten ein kunne gjera dette på.

– Her er det snakk om tilfeldigheter, og å få auga på løysingar som ligg rett framfor nasen på oss, seier Jakob Særsten. Han fortel at Agder Energi trong hjelp til å oppgradera kraftlinjene sine og stilte spørsmål om det faktisk var mogeleg å gå gjennom fjellet i staden for å gå over eller rundt.

– Det viste eg at me var dei einaste som kom på denne ideen, seier Særsten. Han presenterte det for kunden og i eit prøveprosjekt for Agder Energi har LOS Elektro gått rett gjennom fjellet under opprustinga av Hanefoss kraftstasjon i Birkenes kommune i Agder.

– Og etter kvart som me jobba med dette, så såg me kor enorme fordelar det er med å bruka denne metoden.

– Boreteknologien har me jo, me har bora etter olje på havbotnen i mange tiår, på kilometervis ned gjennom havbotnen på leit etter olja. Det er ikkje noko verre å bora gjennom fjell på land, meiner han.

Særsten snakkar om driftssikkerhet og tryggleik for kraftforsyning. Ingen frosne eller nedblesne kraftlinjer, i fjellet ligg dei bombesikkert, bokstavleg tala, mindre utsett for terror og sabotasje enn dei opne kraftlinjene i dag. Han ser svært få muligheter for skade på kablane i fjellet, og eventuelt vedlikehald vil vera svært enkelt å gjera. Det vil bli svært lite naturinngrep i høve til i dag, ein treng ikkje hogga svære gater i skogen for å få plass til kraftmaster eller setja dei opp på høgfjellet der dei ruvar i landskapet. Det vil bli færre grunneigarar å halda seg til, og ikkje minst så vil krafta bli utnytta mykje meir effektivt. Det vil ikkje gå på langt nær så mykje energi tapt når kablane ligg trygt inne i fjellet som når dei heng ute i lause lufta.

LES HEILE SAKA I BØMLO-NYTT!

– Det enkle er ofte det beste, strekar dagleg leiar i LOS Elektro, Jakob Særsten, under og viser til «LOS Rockroller» som dei har kalla nyvinninga. Dei rullar ganske enkelt kraftkablar gjennom hol i fjellet i staden for å byggja store master oppå fjellet til å hengja kablane på. Arkivfoto: Håvard HAmmarstrøm