Rekord for miljøvernarane
I 2015 hadde norske miljøorganisasjonar for første gong over 100.000 medlemmer samanlagt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det svarar til ein auke på 12,2 prosent sidan 2014.
LES OGSÅ: Vil spesialisera seg i fornybart
– Nordmenn ser no klimaendringane i praksis, vi trur det gjer at folk engasjerer seg, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad i ei pressemelding.
Tala som organisasjonen legg fram er ei oppsamling av nye medlemstal frå organisasjonane Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet, Sabima, Greenpeace, World Wide Fund for Nature (WWF) og Natur og Ungdom.
Av organisasjonane har Greenpeace vakse mest, med 5.192 nye medlemmer i fjor. Framtiden i våre hender og Naturvernforbundet vaks med høvesvis 1.482 og 1.140 medlemmer i same tidsrom. Førstnemnde er Noregs største miljøorganisasjon, med over 25.000 medlemmer totalt.
Samla hadde dei seks organisasjonane 107.208 medlemmer ved utgangen av 2015.
Leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, trur nordmenn engasjerer seg for miljøet fordi klimaendringane er blitt meir synlege.
LES OGSÅ: Handleturen forureinar mest