Handleturen forureinar mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

17.000 liter vatn per kilo sjokolade

Å lage tilarbeida mat, som til dømes frosenpizza, krev uforholdsmessig høgt vassforbruk og energi. Det same gjeld sjokolade, som er det mest vasskrevjande produktet ein kan kjøpe, skriv forsking.no. Det krev 17.000 liter vatn for å produsere éin kilo sjokolade.

Stipendiat ved NTNU, Diana Ivanova, forskar ved program for industriell økologi. Ivanova og kollegaene hennar gjorde nyleg ein studie der dei såg på miljøpåverknad frå eit forbrukarperspektiv i 43 land.

Studien viste at forbrukarane er ansvarlege for meir enn 60 prosent av klimagassutsleppa på kloden og opptil 80 prosent av vassforbruket i verda.

– Vi likar å leggje skylda på nokon andre, regjeringa eller bedrifter, seier Ivanova. – Men mellom 60 og 80 prosent av miljøpåverknadene på planeten kjem frå forbruket til hushalda. Viss vi endra forbrukssvanene våre, ville det få ein drastisk effekt på det økologiske fotavtrykket vårt, seier ho. (©NPK)