Her kjem Europas største vindkraftpark

Investerer 11 milliardar kroner.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her blir det 278 vindmøller

Statkraft, Trønderenergi og Nordic Wind Power DA går saman om å bygga Europas største landbaserte vindkraftanlegg i Midt-Noreg. Omlag 11 milliardar kroner skal investerast i seks vindparkar på til saman 1000 MW. Anleggsarbeida startar i andre kvartal 2016 og alle parkane vil vera ferdigstilt i 2020 .

Vindparkane vert bygt på Fosenhalvøya, Hitra og i Snillfjord, i eit kystnært område med nokon av dei beste tilhøva for vindkraftproduksjon i heile Europa, ifølgje pressemeldinga til Statkraft. Med sine 1000 MW er omfanget til prosjektet større enn den samla norske vindkraftkapasiteten i dag. Når vindparkane står ferdige i 2020 vil dei produsera 3,4 TWh fornybar energi i året. Til samanlikning, så blir det i løpet av eitt år produsert litt over 130 TWh straum totalt i Noreg.

LES OGSÅ: Vil fylle tanken med vind

– Dette er ein viktig dag for Statkraft og for Noreg. Saman med partnarane våre har vi investert i det største prosjektet innan fornybar energi i Noreg på mange år. Med dette prosjektet vert Statkraft ein av dei leiande aktørane innan vindkraft på land, seier Christian Rynning-Tønnesen, konsernsjef i Statkraft.

LES OGSÅ: Produksjonsrekord av vindkraft

Illustrasjonar: Statkraft

Faktaboks

Dei første vindmøllene vil leverast og bli montert i 2018.
Prosjektet omfattar 278 vindturbinar, kvar med ein effekt på 3,6 MW.