Mobilfri skuletrivsel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kutta mobil – auka trivsel og karakterar

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

Etter at Hareid ungdomsskule innførte mobilfri skule etter initiativ frå elevrådet ved skulen, så har både trivsel og faglege resultat gått opp blant elevane. I staden for å halde på med mobiltelefonar i timane og i friminutta har skulen fått til andre aktivitetar som elevane kan halde på med.

– Denne månaden har vi også hatt ei innebandyturnering i Hareidhallen, som er eit tiltak som vi veit påverkar veldig positivt, seier rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol ved Hareid ungdomsskule.

– Innebandyen fører til at det er masse folk borti hallen. Trivselen er høg og temperaturen er høg. Vi hadde volleyball fram til for ti år sidan, men det er mykje meir aktivitet no, så det trur eg er positivt retta, seier Arnstein Aurvåg.

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

Betre trivsel
I kommunehelsa sine folkehelseprofilar for kommunane på Søre Sunnmøre kjem Hareid kommune klart betre ut på elevtrivsel enn nabokommunen Ulstein. Hareid har mindre mobbing på både barne- og ungdomsskulen, og no har Hareid ungdomsskule tatt det ekstra steget vidare for å auke skuletrivselen i samråd med elevrådet ved skulen.

LES OGSÅ: Ingrid (18) reagerte på nettmobbing – fekk Jodel stengd

Heilskapleg
Rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol fortel at tiltaka med mobilfri skule og aktivitetar i friminutta er bra for elevane si utvikling av sosiale ferdigheiter.

– Skulen prøver med dette å legge opp til betre trivsel og sosial utvikling på ein meir heilskapleg måte. No kan elevane samlast betre sosialt og prate saman, og ikkje berre sosialisere gjennom mobiltelefonar og sosiale medium, seier ho.

LES OGSÅ: Camilla (18) og Kaisa (17) mobba på app

Betre faglege resultat
– Vi snakka litt om det i elevrådet i dag. Det har vorte meir snakking mellom elevane og meir lesing. Elevane les meir og er betre førebudde til prøver. No snakkar dei med kvarandre og spør kvarandre, og det hadde dei ikkje tida til før når dei sat med telefonane, seier Ann Kristin Snipsøyr.

Alise Jørandli Flakk er også svært godt nøgd med resultata av å innføre mobilfri skule.

– No er det blitt meir latter og lite konfliktar ved skulen. Eg trur ikkje eg har vore borti ein konflikt mellom elevar ute i friminutta no. Eg trur ikkje dei som er elevar opplever så mykje konfliktar heller no. Vi opplever òg at elevane er meir saman med kvarandre på tvers av klassene. Det er ikkje berre dei vanlege ein går att med, seier Flakk.

Alise Jørandli Flakk fortel også at ho vann ein arbeidsmiljøpris og fekk 5000 kroner som kunne brukast til gode for elevane ved skulen. Dei pengane lét ho elevrådet bruke på bordtennis og airhockey.

– Eg synst det er kjempekjekt at elevrådet valde noko som er litt varig og som alle elevane kan ha det moro med, avsluttar Flakk.

LES OGSÅ: Mest mobbing via Snapchat  

Sosialt
– Det vart veldig stille med det same, men folk begynte å snakke meir saman når det ikkje var så mykje mobilar, seier Kethleen Alstadsæter i elevrådet.

Karlina Skapste i elevrådet trur også at det vart meir sosialt med mobilforbod ved skulen.

– Når vi hadde mobil så tok folk mykje meir bilete av kvarandre. Noko om eg ikkje trur at alle likte. Så det har vel stoppa no med mobilfri skule. Dessutan har det blitt mindre mobbing på nett og sånn, seier ho.

LES OGSÅ: – Mobbeoffer må sleppe straff for skulking