Forslaget til ny energilov kan føre til at kraftselskap i distrikta kan tape milliardar.

NPK
NPK

114 av dei minste kraftselskapa i landet vil bli råka av forslaget, ifølgje ein rapport utarbeidd av konsulentselskapet Verde Hartmark for Distriktenes Energiforening (Defo) og KS Bedrift Energi, skriv Nationen.

Dei minste kraftselskapa får opp mot 20.000 kroner i meirkostnadar per kunde, og dei har til saman 1,2 millionar nettkundar, ifølgje rapporten. Fleire av dei mindre kraftselskapa kan bli tvinga til å selje dersom forslaget går gjennom.

Bakgrunnen for forslaget er at regjeringa ønskjer å innføre eit selskapsmessig og funksjonelt skilje i alle kraftbedrifter. Forslaget blir for tida behandla av partigruppene og skal opp i Stortinget i vår. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

ANNONSE