Landbruket kan kutte klimagassar med 20 prosent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landbrukets klimautval går i strupen på Grøn skattekommisjon som før jul anbefalte klimaskatt på raudt kjøt.

– Ei slik avgift vil gjere det dyrare å produsere mat i Noreg. Men forbrukarane vil fortsette å ete det dei et. Resultatet vil vere at vi aukar importen av kjøt, som oftast er produsert med høgare klimagassutslepp enn det vi har i norsk landbruk, seier styremedlem i Norges Bondelag Bjørn Gimming til NTB.

LES OGSÅ: Klimaendringane dyttar vinproduksjonen nordover

Mindre promp
Ekspertutvalet meiner det er mogleg å få dei allereie klimavennlege norske kyra til å bli endå meir klimasmarte. Betre avl, god dyrehelse og betre fôr vil gi mindre rap og promp frå kua og dermed ta ned utsleppa frå Dagros med opp til 20 prosent.

– Ei ku vil alltid rape og prompe, så dette handlar om å få meir matproduksjon ut av kvart dyr. Det vil både gi større lønsemd for bonden og vere eit effektivt klimatiltak, seier Gimming, som har vore Norges Bondelags representant i utvalet.

– Det handlar om å få til ei berekraftig intensivering, altså å produsere meir mat med mindre utslepp. Det er nok det viktigaste i rapporten, legg han til.

LES OGSÅ: Oreganofôr skal hindre metanutslepp

Samstemte råd
Råda landbruksminister Dale fekk fredag, kjem frå eit samstemt utval som har bestått av representantar frå Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Skogeierforbund, Norskog og Miljøstiftelsen Zero.

– Tiltaka nemnt i rapporten bør utgreiast vidare for å finne kostnadane ved tiltaka, om dei kan gjennomførast og aktuelle verkemiddel. Når det er klart, trengst sterkare og meir målretta verkemiddel for å sikre at norsk landbruk kan fortsette å innfri målet til Stortinget om matproduksjon over heile landet, samtidig som norsk landbruk bidreg til reduserte klimagassutslepp, summerer Landbruks- og matdepartementet opp i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Beiter oss til betre tider

Realistiske mål
Gimming meiner det er realistisk å nå målet om utsleppskutt på 20 prosent innan 2030, utan å produsere mindre mat i Noreg.

– Norsk landbruk har dei siste åra faktisk kutta meir enn det som førespegla i rapporten. Frå 1986 til i dag er tida fram til ein NRF-okse (Norsk raudt fe) er moden for slakt redusert med ein månad. Det inneber ein reduksjon på 60.000 tonn CO2, noko som svarar til eit årleg utslepp frå 25.000 bilar, seier Gimming.

Rapporten understrekar at norsk matproduksjon skjer med utgangspunkt i ressursgrunnlaget, og at det ikkje er mogleg å produsere mat utan klimagassutslepp. Dei biologiske prosessane i landbruket kan ikkje erstattast på same måte som prosessar som er baserte på fossile og ikkje-fornybare råstoff, heiter det. (©NPK)

LES OGSÅ: Mindre enn 40 prosent av maten er norsk