Det er ganske tøft å vere katt og 20 år gammal. Nano fortener varme og respekt, ikkje opprop om vern mot seg sjølve. 

Tora Olsen, Dusken
Tora Olsen, Dusken

Teksta var først publisert i Dusken. 

Det vanskelege med Nano er at ho òg er eit menneske. Den korte reportasjen frå Verdens rikeste land på NRK P3 er utleverande fordi både temaet og jenta er så spesiell, men er fortald med respekt og mykje varme. Det er ikkje meiniga at du skal lure på om det faktisk er mogleg å vere ein katt og dra det vitskaplege i tvil.

Her kan du lese saka og sjå NRK P3 sin videoreportasje. 

Å kalle inn ein ekspert vil endre heile bilete av Nano. Ho føler seg som ein katt, men meiner ikkje at ho har den biologiske utsjånaden til dyret – sjølv om ho påstår at ho til dømes har synet til ein. Skulle ein biolog uttalt seg om det er mogleg å bli genetisk endra ved fødselen, ville resultatet vore å latterliggjere og audmjuke ei jente som prøvar å fortelje si historie. Det har ingen plass i eit portrett som handlar om å ha meir respekt for ulike folk.

Nano har følt seg som katt over lengre tid, og å gå ut i media er nok ingen impulsiv idé. Det er heller ikkje fyrste gong programmet har intervjua ho eller venene. Når ein tek i bruk litt folkevett, har både ho og journalistane vore klar over at folk kom til å reagere. Det er vist omsyn for både korleis kvinna er framstilt og ordbruken i portrettet er verken nedsetjande eller slemt.

Det er sneversynt å dømme ho for den ho er og for at ho vel å vere open om det. At ho nemner psykologen sin i reportasjen gir ikkje grunnlag for å anta at ho er alvorleg psykisk sjuk. Tvert imot bør ein ha tiltru til at ho hadde vore handsama annleis ved ei alvorleg personlegdomsforstyrring. Det er ingen indikasjon på at ho har problem med å forstå røynda utanfor seg sjølve. Snarare det motsette, ho har jobba for å bli meir menneskeleg. Dei som påstår at Nano må bli verna mot seg sjølve, tek berre frå ho den frie vilja hennar.

Det er nedverdigande at nokon vil umyndiggjere ho ved å rope på presseetikk og vise til Ver varsam-plakaten. Vi bør ha lært at det å vere annleis og rar ikkje er synonymt med å vere dum og naiv, og at psykisk sjukdom ikkje automatisk gjer deg ute av stand til å ta vare på deg sjølv. Skulle ho bli 40 og angre litt, er det heile så harmlaust at det ikkje vil ha alvorlege konsekvensar. Det er ingen, inkludert ho sjølv, som tek skade av at Nano meiner at ho er ein katt.

Sensur er blant dei sterkaste og vondaste verkemidla vi har, og det er dette oppropet om å passe på ho handlar om. Sensur skal ikkje bli tatt i bruk for å skjule verdens mange sider. Det er ingen som prøvar å ta frå bleikfeite menn over 45 moglegheita til å seie dumme ting, køyre for store bilar, og vere rasshøl. Dei psykiske vanskane i midtlivskrise er noko vi tolererer og gir plass til, mens unge vaksne blir nedgradert til ungdom som må vernast mot seg sjølve.

Vi skal vere lyttande og ha opne sinn i møte med menneske som er annleis. Når nokon vågar å fortelle om dei merkelege og unike sidene av sitt liv, er det viktig at vi ikkje trur at det automatisk fører til eit liv med mobbing og einsemd. Vi bør heller sjå reportasjen med humor og varme, ikkje alvorleg rope på sensur. Einsemd er blant det verste vi føler på, men enno verre er det å vere einsam og umyndiggjort.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE