Dyrepassar i Sør-Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

Stine Leirmo i Skjåk har eit friår, og hadde lyst til å leve livet og oppleve eitkvart. I fjor kom ho over ei annonse på Facebook som gjorde at ho bestemde seg for å reise til Sør-Afrika.

GoXplore er Noregs største spesialist i å kombinere jobb og reiser verda rundt, og det var via ei annonse frå dette selskapet Stine bestemde seg for å reise tre veker til Afrika.

LES OGSÅ: Nordmenn reiser med magen

Reiste einsleg
Den 5. januar i år sette ho seg på flyet og tok fatt på den kombinerte ferie- og jobbturen. Den 22 år gamle jenta frå Skjåk visste ikkje kva ho gjekk til, og reiste heilt einsleg.

– Eg var bestemt på å reise sjølv. Eg kunne sjølvsagt valt å prøve å få med meg einkvan i vennegjengen eller familien, men da hadde ikkje turen vorte den same, er Stine overtydd om.

Hadde ho teke med seg nokon ho kjenner meiner Stine at ho ikkje hadde vorte tvinga til å bli kjend med andre.

– Når ein reiser heilt sjølv må ein bli kjend med andre. Hadde eg reist saman med ei venninne, så er eg heilt sikker på at vi hadde vore saman heile tida, seier Stine Leirmo.

Turen gjekk fyrst til Johannesburg der Stine og resten av reisefylgjet vart verande i nokre dagar for å bli kjent med kvarandre. Så gjekk turen vidare til Ukutula aust i Sør-Afrika. Her skulle Stine og ti andre jenter bu og drive friviljug arbeid med dyr.

LES OGSÅ: «Alle barn i Afrika er foreldrelause»

Ferie og jobb
Turen til Sør-Afrika ser ho på som både ein ferietur og jobb.

– Arbeidsdagane var som regel frå klokka ni om morgonen til fem om eftan. Resten av døgnet sine timar var fritid, fortel Stine Leirmo.

Arbeidsdagen som friviljug bestod av mellom anna å mate og passe tiger- og løveungar, hente dyr, hente mat til dyra, og ta i mot og guide turistar som kom til staden.

Med ein snittemperatur på 40 grader på dagtid, vart det varme arbeidsdagar i Ukutula.

Mange dyr
Stine fekk sjå mange dyr under opphaldet sitt. For utan løve og tigrar, såg ho mellom anna gepard, antilope, sebra, elefant, nasehorn, flodhest og sjiraff. Skjåkjenta fekk også vere med på å slakte ein sebra, noko som var ei stor oppleving å få vere med på.

Det som gjorde størst inntrykk på Stine Leirmo var da ho eine dagen sat med ein tigerunge på fanget som ho mata.

– Rett etter at eg var ferdig med å gjeva tigeren mat, så sovna han på fanget mitt. Det var stort for meg, seier Stine.

Sjølv om tigrar og løver er farlege dyr, samanliknar ho ungane som ein kattunge.

– Dei oppfører seg akkurat på same måte. Dei er heilt ville, spring, leikar og slåss med kvarandre, seier Stine Leirmo.

Store delar av arbeidsdagane gjekk med til å leike med tiger- og løveungar. Tigerungane Stine passa var heilt nedi fem veker gamle. Løveungane var 10-11 veker gamle.

LES OGSÅ: Reiseliv vert valfag i skulen

Mange minne
Stine hadde med seg mange gode minne da ho kom heim frå turen den 23. januar. For utan mellom 4.000 og 5.000 bilde på minnebrikka til kameraet sitt, sit ho att med mykje lærdom og flotte opplevingar.

– Dette er ein tur eg er glad for at eg gjennomførte. Eg ville ikkje ha vore den for utan, seier Stine Leirmo.

Ho har bestemt seg for at ho vil attende til Sør-Afrika, men neste gong vil ho vere litt lenger enn tre veker. Skjåkjenta har allereie byrja å spare seg opp kapital.

– Det er ikkje noko billig tur. For dei tre vekene eg var borte nå betalte eg om lag 26.000 kroner. Men da er alt inkludert, altså, seier Stine.

22-åringen oppmodar andre som har råd og moglegheit til å reise på ein slik tur, om å gripe sjansen.

– Ein lærer så mykje, og får oppleve ein heil del. Dessutan får ein mange nye venner, seier Stine.

Jentene ho budde saman med i Sør-Afrika, seks svenske og fem norske, har ho hatt kontakt med på sosiale medium etter ho kom heim.

– I sommar kjem faktisk alle til Skjåk for å vere med meg på Countryfestivalen, smiler Stine Leirmo.


Stine Leirmo har mange gode minne frå turen. FOTO: PRIVAT