Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Tora Hope
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frigjerar eller undertrykkjar?

Beyoncé er kjend som kona til artisten Jay Z. Neida!

Beyoncé Giselle Knowles er artisten, komponisten, skodespelaren og dansaren som nyleg eigde den amerikanske giganthendinga Super Bowl.

Først kjend som frontfigur i eit av dei mestselgjande banda nokon gong, Destiny’s Child. No som popkulturell dronning, sjølvaste Queen, soloartisten som toppa listene i USA og Storbritannia med debutplata Dangerously in Love, sit på 10 Grammy-prisar og står bak megahitar som Irreplacable, Crazy in Love, Baby Boy, Single Ladies, Run the World (Girls), If I Were a Boy, Sweet Dreams og Halo.

I 2014 plasserte magasinet Forbes henne på toppen av lista over dei 100 mektigaste kjendisane i vår tid. Kåringa kom ein dryg månad etter at aktivisten og feministikonet bell hooks kalla Beyoncé for ein terrorist. Hooks meiner artisten påverkar unge jenter negativt, ved å bidra til uoppnåelege kroppsideal.

Også i dag vekkjer Beyoncé sterke meiningar om identitet, etnisitet og kjønn. Nyleg vart ho kritisert for å kapitalisere på indisk kultur, då ho spelte Bollywood-stjerne i Coldplays musikkvideo. Ikkje minst skapte ho overskrifter etter Super Bowl, der ho brukte pauseshowet til  å kome med eit sterkt innlegg i amerikansk rasedebatt.

Er dronningbia ein frigjerar, eller er ho sjølv ein del av problemet?

LES OGSÅ: Disney-prinsessene sitt snakkeproblem

Strippe-estetikk
Det spørsmålet har stipendiat i musikkvitskap Kai Arne Hansen tatt føre seg i artikkelen «Empowered or Objectified? Personal Narrative and Audiovisual Aesthetics in Beyoncé’s Partition».

Hansen har analysert Beyoncé, og særleg musikkvideoen Partition (2013). Songen er ein del av albumet BEYONCÉ, som artisten sjølv slapp på iTunes, utan promotering. Albumet vert skildra som eit visuelt album, med sine 14 musikkspor og 17 videoar, som er lagt ut på YouTube via Beyoncé sin offisielle kanal.

Partition består i stor grad av artisten i ulike forføreriske posisjonar, med lange blikk, djup kløft og åling kring ei strippestang.

– Beyoncé framstår som hyperseksualisert. Gjennom retusjering, redigering, lyd og bilete har videoen fleire estetiske fellestrekk med mainstream, glossy porno, skriv Hansen.

Og Queen B syng:

 I just wanna be the girl you like (girl you like)

The kinda girl you like (girl you like)

Take all of me

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

Paradokset Beyonce
Beyoncé er feminist. Mange var begeistra då ho sendte «f-ordet» rett heim til 12 millionar amerikanarar under MTV Video Movie Awards i 2014. Ho avslutta showet som ein silhuett mot eit gigantisk skilt, der ordet «FEMINIST» lyste mot publikum.

– Beyoncé kan fungere som ein gateway-drugtil feminisme for mange, seier Hansen.

Magasinet Time klappa då også Queen B på skuldra for å nå massane med ein bodskap som er mainstream nok for dei fleste.The Huffington Postkalla derimot engasjementet for ein «utvatna, lett-eteleg» versjon av feminisme.

Også Hansen meinar at Beyoncés feminist-bodskap skurrar i møte med musikkvideoane hennar.

Han kritiserer korleis den perfekte kroppen vert gjort til eit ideal i Partition. Sjølv om Beyoncé også her framstår som ein sjølvstendig artist med stålkontroll, vert ho i både lyd og bilde tilpassa vanlege forventingar til kvinnelege popartistar.

– Ho utfordrar ikkje desse forventingane og ho kryssar ikkje grensene. Heller bidreg ho til uoppnåelege standardar for utsjånad, som dei aller fleste kvinner ikkje kan leve opp til, seier Hansen.

Det er den same kritikken aktivisten bell hooks la til grunn, då ho gjekk så langt at ho kalla Queen B for ein terrorist. Sterke ord. Samstundes fortel både studiar og unge menneske sjølv at kroppspress er eit reelt problem for mange.

Her heime drøymer eksempelvis debattant Astrid Underlid om ein «elsk-kroppen-din-revolusjon», medan PRESS nyleg gav Dagbladet den tvilsame æra årets Gullbarbie, for å vere best til å få ungdom til å føle seg verst.

Ei kvinne med full kontroll
Strippe-estetikken i Partitionverte ikkje teke imot i eit vakuum. Uttrykket i videoen byggjer på ideen om at også det å spele på sex kan vere frigjerande.

– Det som ein gong vart sett på som utnytting av kvinner, vert pakka inn på ny som ein feministisksiger, der seksuell frigjering og valfridom er sentralt, skriv Hansen.

I kva grad dette er vellukka, og artisten dermed vert forstått som frigjort framføre objektivisert, er avhengig av kven vi trur artisten er, altså den personlege forteljinga til stjerna.

LES OGSÅ: Forska på M2M

Om lag samstundes med lanseringa av Partition, slapp Beyoncé den sjølvbiografiske dokumentaren Self-Titled.Der fortell ho historia om ein uavhengig artist, som sjølv bestemmer over eige liv og verke.  Denne tolkinga vert forsterka av sjølve måten artisten slapp albumet på, via iTunes og med kontrollen sjølv.

– Fordi ho framstår som ei sjølvstendig kvinne, kan Beyonce vere seksuell utan å vere eit objekt, og ein kan hevde at popstjernas avkledde video erseksuell frigjering, seier Hansen.

Musikkvitaren syner til korleis naken kvinnehud kan bli møtt både med feministisk jubel og med moralsk misnøye. Filosofen Ruth Barcan har argumentert for at denne misnøya er sterkast når nakenheita er knytt til pengar, som er tilfelle i stripping og porno.

Ei kvinne utan kontroll
Artisten må dermed skilje seg sjølv nok frå assosiasjonar til sexarbeid og utnytting, for å kunne bruke strippe-estetikk og samstundes verte forstått som frigjort.

– Popartisten har ein privilegert posisjon som gjer at dei i stor grad kan unngå misnøya, mellom anna gjennom deira nøye konstruerte image, skriv Hansen.

LES OGSÅ: «Kva har vi her – ein gorilla?»

Men også i popverda er dette enklare for nokon enn for andre.

– Beyoncé har mykje sosial og kulturell kapital, og dermed stor fridom i korleis ho kan framstå. Tolkinga av videoen er gjerne knytt til ideen om at ho er sin eigen sjef, forklarar Hansen.

Han løftar fram Britney Spears, som eit døme på det motsette. Ho framstod på eit tidspunkt som ein artist utan kontroll over korkje eiga karriere eller privatliv. Ifølgje musikkforskarane Hawkins og Richardson avviste dermed fansen estetikk og oppførsel hjå Spears, som dei aksepterte frå andre artistar.

– I Spears sine forsøk på comeback har ho vert forsøkt framstilt som sjølvlaga og sjølvstendig, nettopp for å unngå misnøya, seier Hansen.

Feministar likar også sex
Så? Subjekt eller objekt? Frigjerar eller undertrykkjar?

På eit tidspunkt i Partition kviskrar Beyoncé fram desse franske frasane;

Les hommes pensent que les féministes détestent le sexe,

Mais c'est une activité très stimulante et naturelle que les femmes adorent.

(Menn trur at feministar hatar sex,

men det er ein veldig stimulerande og naturleg aktivitet som kvinner elskar.)

Queen B avviser her oppfatninga av kvinna som passiv og mannen som aktiv, eit sentralt feministisk argument. Beyoncés engasjement går att i fleire songar og videoar på albumet.

Men sjølv om Beyoncé er sjølverklært feminist og – ifølgje Forbes – ein av samtidas mektigaste personlegdomar, er Partition likevelgodt forankra innanfor stereotypiane for kvinneleg seksualitet, til liks med dei fleste musikkvideoar. Ved hjelp av teknologi, klipping og retusjering, bidreg desse videoane til eit ideal det er umogleg å leve opp til for dei fleste andre kvinner, meiner Hansen.

Reaksjonane han har kartlagt på nett, strekkjer seg frå dei som er sjokkerte over korleis Beyoncé framstår, til dei som applauderer Beyoncés sjølvstende. Spriket i reaksjonane syner korleis popartistane stadig forhandlar om identitet og korleis grensene kan vere uklåre.

Noko klarare svar på paradokset Beyoncé får du ikkje her. Men denne påminninga kan du få:

– Popartistane er alltid til stades og dei har ein enorm påverknad på oss. Difor er det viktig å vere kritisk til korleis dei framstår, seier Hansen.

LES OGSÅ: Brun og blid: Mødrer, gifte og menn kan òg bli solariumsmodellar