«Difor er Gullbarbie sjukt viktig»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me er i innspurten av ein kampanje det ikkje burde vere naudsynt å ha.

Årleg deler PRESS ut årets «Gullbarbie», ein pris til dei som er «best på å få ungdom til å føle seg verst».

LES OGSÅ: «Kva har vi her – ein gorilla?»

Føring mellom beina
Prisen er lite stas å få. Det er heller ikkje særlig stas at reklamegigantar får retusjere modeller til eit uoppnåeleg ideal.

Det burde ikkje vere slik at tusenvis av unge vaknar kvar morgon og desperat kjenner etter ribbeina i håp om at dei kanskje stikk enno litt meir ut.

Det burde ikkje vere slik at kva me har mellom beina skal leggje strenge føringar for liva våre.

Og det burde i alle fall ikkje vere slik at selskap  tener pengar på dette.

LES OGSÅ: Aktivistar kuppa Dagbladet

Ventar meir av Dagbladet
I år er dei nominerte Brun og Blid, Proteinfabrikken og Dagbladet.

Medan Brun og Blid fortel korleis det berre er ein innanfor måte å sjå ut på, fortel Dagbladet at det berre er ein måte å selje aviser på: nakenheit, sex og gammaldagse kjønnsroller.

Så langt leier Dagbladet nominasjonen. Eg trur ein av grunnane til det er at avisa trass alt er ei avis, dei veit at dei har påverknadskraft og dei veit at det følgjer med eit ansvar. Ein ventar liksom meir.

Borna i dag veks opp i ei verd der det å mislike kroppen sin blir stadig meir normalt.

Det er så og seie forventa at ein tenåring skal ha kompleks for korleis hen ser ut.

Det er forventa at jenter skal ynskje seg rundare rumpe, smalare midje, gap mellom låra.

Rundt oss står magasin, reklamar og seriar og fortel oss korleis den einaste riktige kroppen er. Kva som skal til for å bli lykkeleg. Kva mål me skal jage etter.

Som oftast er ideala uoppnåelege, urealistiske og held seg til snevre kjønnsroller.

LES OGSÅ: Kroppspresset gjeld også menn

«No skal eg starte å hate kroppen min, ASAP»
Problemet med slik reklame og kjønnsroller er ikkje at ungdom er dumme. At dei ser eit bilde og tenkjer; «Hey, sånn MÅ eg sjå ut – no skal eg starte å hate kroppen min, ASAP».

Problemet er at alle menneskjer vert påverka av det me sansar rundt oss, og bilete av korleis kroppen vår skal vere slår mot oss frå alle kantar.

Korleis skal du gå imot alt det samfunnet fortel deg kvar dag at er vakkert og riktig? Og korleis skal ein starta i kritikken mot gigantane.

LES OGSÅ: Reagerer på usunt kroppspress

PRESS i strupen på makta
PRESS – Redd Barna ungdom gjer noko ufattelig modig når dei årleg taler si meining. Når dei angrip store reklamegigantar, aviser, kleskjeder. Selskap med mykje kapital, mykje makt. Det flyr PRESS uredd rett i strupa på. Med god grunn.

Følelsen av å sjå seg i spegelen og intenst hate det du ser er ein følelse eg ikkje vil unne nokon.

Men nokon tener pengar på at me føler det sånn.

Det må aldri aksepterast.